Fristande frikveld i Frikyrkja
laurdag 6.februar kl.19.00

Av: Administrator
19/01-2016

Herøy Frikyrkje inviterer til ein god og kjekk frikveld med tre retters middag og eit variert program med mellom anna Nærø Vokal (Nærøgutane) og Elin K. Skeide.


Nærø Vokal

Det har vore arrangert to slike samling tidlegare. Då var det fullt rundt borda på kyrkjetorget og svært god stemning.

Før har det vore servert krabbe. Denne gongen er det full middag og kveldens helt på kjøkenet er Jan Olav Voldsund som til dagleg jobbar som kokk på Maki Brosundet i Ålesund. I tillegg til maten vert det også servert song frå Nærø Vokal som dei seinare åra vorte kjende på heile Ytre Søre som ei god song- og musikkgruppe. Elin K. Skeide vert også med. Ho er no busett I Sula, men mange kjenner henne som jordmor Elin frå tida ho og mannen Eldar Skeide budde i Herøy og han var pastor i Frikyrkja. Elin Skeide er fortsatt jordmor og kjent som ei dame med eit stort hjarte og varm formidling.


Elin K. Skeide

Overskotet frå kvelden går til Frikyrkja sitt misjonsprosjekt i Japan

Pris for kvelden er 350 kroner per person.

Bindande påmelding innan onsdag 3.februar til
Oddveig Frøystadvåg Sævik (900 35 761),
eller Bjørg Skogli Muren (971 13 613)