Høgtidssam gudsteneste i godvéret på Herøy

Av: Administrator
20/07-2015

Sjeldan har vi vel vore velsigna med så godt vér på friluftsgudsteneste på den gamle kyrkjestaden på Herøy som vi var det sist søndag! Vindstille og sol frå blå himmel og mykje folk som tok del, gjorde dette til ei god gudstenesteoppleving.


Det var eit uvanleg syn då kyrkjegjengarane, etter ei fin stund med morgonbøn og salmesong i Indre Herøy kyrkje, kom roande med kurs for pilegrimsgudstenesta på Herøy gard. Akkurat i som i gamle, gode dager. Etter litt famling i starten fann dei kjapt den rette rytma i åretaka. (Foto: Fred Frantzen, Vestlandsnytt)

Som før om åra var gudstenesta i samband med Herøyspelet ei økumenisk gudsteneste. Fire kyrkjesamfunn var representerte og tok del i gudstenesta på ulike vis: Pinsemenigheten Sion, den romersk-katolske kyrkja, Den evangelisk lutherske Frikyrkja og Den norske kyrkja. Det som var spesielt med denne gudstenesta, var at pilgrimsmotivet var så sterkt framme.


(Foto: Fred Frantzen, Vestlandsnytt)

Før gudstenesta var det nemleg lagt opp til ei særmerkt pilgrimsvandring. Eit tjuetals personar tok først del på morgonbøna i Indre Herøy kyrkje, og så samlast vi på første stoppen på den korte pilgrimsturen. Etter bøn og salmesong utanfor kyrkja gjekk vi syngande ned til prestegardsvòren der to av Kystmuséet sine færingar låg klare. Og så rodde vi til kyrkje, omtrent slik det måtte ha vore i gamle dagar, då folk tok seg fram til kyrkje sjøvegen.

Vèl framme ved vòren på Herøy gard steig vi i land, og hadde neste stoppen på turen der. Så gjekk vi samla til inngangsporten til kyrkjestaden, og derifrå i prosesjon opp til gudstenestestaden, medan vi song pilgrimssalmen «Deilig er jorden». Og så tok pilgrimane del på gudstenesta i lag med den store flokken som alt hadde samla seg til gudsteneste.


Pilegrimar i prosesjon frå båtstøda og opp til den gamle kyrkjestaden. (Foto: Fred Frantzen, Vestlandsnytt)

Bad om fred på jord

Pastor i Sula Frikyrkje, Jan Løkkeborg, heldt preika over dagens tekst, og han delte med oss av sine erfaringar som deltakar på ulike pilgrimsturar frå inn- og utland. Representantar frå dei fire kyrkjene var med på ei innhaldsrik forbøn, der vi bad om kyrkjeleg einskap, for landet vårt, for sjuke, for skaparverket, og om fred på jord mellom menneske. Seniorprest Sjur Sæter og frikyrkjepastor Erhard Hermansen leia gudstenesta. Ei samansett blåsegruppe under leiing av organist Atle Havåg spela til salmane og liturgien, og til slutt song Herøyspelkoret «Herøy havland» som postludium.


Pastor i Sula Frikyrkje, Jan Løkkeborg, med efaringar som deltakar på ulike pilgrimsturar både i inn- og utland, heldt ei tankevekkjande preike. Og sjølvsagt var vandringsstaven med. (Foto: Fred Frantzen, Vestlandsnytt)


Representantar frå alle dei fire kyrkjelydane var med på ei innhaldsrik forbøn, frå venstre Arve Myklebust, Frikyrkja , Anne Djupvik, Den norske kyrkje, Sharon Arulanantam, Den katolske kyrkje, Rita Knotten Torvik, Pinsemenigheten Sion og forstandar Erhard Hermansen frå Frikyrkja som leia forbøna. (Foto: Fred Frantzen, Vestlandsnytt)


Herøyspelkoret var tradisjonen tru med å kaste glans over gudstenesta med ei nydeleg framføring av Bjarne Rabben (tekst) og Svein Arne Møller (melodi) sin mektige «Herøy havland». (Foto: Fred Frantzen, Vestlandsnytt)

Etter ein pause med matykt og prat tok museumsstyrar Håvard Hatløy oss med på ei interessant historievandring på den særmerkte øya. Først gav han oss ei grundig innføring i historia som skjuler seg bak steinane på kyrkjestaden, og så tok han oss med til det høgste punktet på øya, Klosterhaugen. Som namnet tilseier, har det kanskje vore eit kloster der.

Ein tanke som Hatløy også presenterte, var at det var kanskje her den aller første kyrkja på Herøy vart reist. I så fall må det ha vore svært tidleg etter at kristendomen festa sine røter i Norge. I alle fall fortel Herøy med si spesielle historie om ein stad som har spela ei viktig rolle i tidleg kristen tid i landet vårt.