Flott avslutting på Fosnavåg-veka

Av: Administrator
01/07-2015

Mange tok turen til Parken i Fosnavåg søndag føremiddag til internasjonal sommarfest og storfamiliegudsteneste. Pastor Erhard Hermansen og kyrkjelydspedagog Karl Anders Brendmo ønskte alle saman hjarteleg velkomne til denne festdagen. (Tekst/foto: Ida Moltu, Vestlandsnytt)


Oslo Soul Children, Gurskøy Soul Children og Lovsongkoret med band.

For sjuande året på rad går kyrkjene i Herøy saman om storfamiliegudsteneste, og i år vart det også utvida til ein internasjonal sommarfest under Fosnavågveka i tett samarbeid med Frivilligsentralen, NAV og internasjonal skule. Målet med den internasjonale sommarfesten er å samle unge og gamle frå heile verda til ein festdag.
– Vi er glade for at vi fekk avslutte Fosnavågveka med ein kjekk festdag her i parken, seier pastor Erhard Hermansen.


Mange tok turen til parken søndag.

Parken var fylt med ulike aktivitetar for store og små. Der var sceneinnslag frå ulike delar av verda og minikonsertar med dyktige songarar og kor. I teltet vart det servert god mat. Mange flinke herøyværingar frå tre verdsdelar var med på å lage eit internasjonalt festbord. Vårrullar, sushi og andre spennande rettar fylte matbordet.


God mat frå ulike delar av verda.

I år kom Oslo Soul Children på besøk og formidla engasjert sitt bodskap gjennom songen sin. Koret vart leia av Ragnhild Hiis Ånestad. Ragnhild har halde fleire korseminar mange stadar i Europa og har medverka som dirigent, produsent, låtskrivar og songar på ei rekkje plater som er gitt ut. Denne helga tok ho med seg nokre av barna/ ungdommane i Oslo Soul Children til Fosnavåg.
Oslo Soul Children er eit av dei fremste barnekora i landet og har gitt ut 11 album og held konsertar i heile Noreg og i utlandet. Det finst 140 Soul Children kor i Noreg.


Oslo Soul Children saman med dirigent Ragnhild Hiis Ånestad.

– Dette er utruleg hyggeleg å vere med på! Det er andre gongen eg har tatt med meg songarar hit til Herøy frå Oslo, og vi har fått varm velkomst og kosa oss masse, fortel Ragnhild Hiis Ånestad. Koret frå Oslo har mange planar utover året: Ny singel, juleplate og turne er litt av det som står på programmet til Oslo Soul Children.
Denne søndagen var Oslo Soul Children og Gurskøy Soul Children samla i parken og gledde dei frammøtte med fin song. Gurskøy Soul Children vart starta i 2008 og held til på Leikong. Koret syng og dansar til mellom anna gospel, rock , pop og soul.


Gurskøy Soul Children og Oslo Soul Children kosar seg ilag på scena.

– Ta vare på hjartet framfor alt anna, for livet går ut i frå det.
Pastor Erhard Hermansen er glad det var så mange som tok turen til parken denne dagen, og han er strålande fornøgd med arrangementet. «Det er god stemning og folk har det bra. Temaet for storfamiliegudstenesta i dag var hjarte. Det å ta vare på hjartet og ha eit stort og godt hjarte, er viktig å hugse på», seier Hermansen. Han er klar til å gjenta sommarfesten neste år om dei får moglegheit til det.


Eva Lene og Heather snakka om kor viktig det er å rydde plass til det gode i hjartet.


Eva Lene Husøy og Heather Kleppestrand fekk med seg publikum på litt mosjon.