INTERNASJONAL SOMMARFEST UNDER FOSNAVÅG VEKA

Av: Administrator
17/06-2015

For sjuande året på rad går kyrkjene i Herøy saman om storfamiliegudsteneste. I år vert det heile utvida til ein internasjonal sommarfest under Fosnavågveka i tett samarbeid med Frivilligsentralen, NAV og internasjonal skule. I tillegg kjem det storfint besøk av Ragnhild Hiis Ånestad og gruppe frå Oslo Soul Children.


Foto: Stein Lilleøy, Vestlandsnytt

Vi startar dagen med storfamiliegudsteneste frå scena i parken og til storfamiliegudstenesta kjem Ragnhild Hiis Ånestad saman med ei gruppe songarar frå Oslo Soul Children, fortel pastor Erhard Hermansen i Herøy Frikyrkje. Saman med arrangørane ser han fram til at parken fylles opp med mykje menneske til storfamiliegudsteneste, aktivitet og leik. På storfamiliegudstenesta vil også Gurskøy Soul Children delta, medan song og musikk vert leia av Geir Idar Knotten m/band.

Vi vil vere der folk er, og har dei seks siste åra hatt vår storfamiliegudsteneste I høve Maritim Sommarfestival, og er no glad for at vi kan vidareføre dette I Fosnavågveka. Kyrkja vil leve tett på folk, og Fosnavåg veka og Fosnavåg Rock er eit samlande arrangement, og vi er glad for at vi får vere med, seier Hermansen, som legg til at tema for årets storfamiliegudsteneste er “hjarte”. Nytt av året er samarbeidet med Frivilligsentralen, NAV og internasjonal skule, og kom opp som ein ide då den årlege internasjonale julefesten vart avlyst.

Oslo Soul Children har gitt ut 11 album, fleire singlar og dvd-ar, dei er nominert til Spelemannsprisen, og var tildelt Peter Dass-prisen. Dei har samarbeidd med mellom anna Travis, Josh Groban, A1, The Walls Group, Myron Butler, Donkeyboy, Erik og Kriss, Anita Skorgan, Hanne Krogh, Venke Knutson, Maria Haukaas Mittet, Alexander Rybakk, Haddy N´jie, Tooji, Mo, Samuel Ljungblahd, Emmy & Ella med fleire.


Oslo Soul Children deltek på storfamiliegudstenesta og har eigen minikonsert seinare på dagen.

Koret har opptrådd i Det kongelege slott, Oslo Konserthus, Oslo Rådhus og i Den Norske Opera og Ballet, og under Spelemannsprisen, TV-aksjonen, Artistgallaen, Skavlan og Lindmo, for å nemne noko. I tillegg har koret heldt konsertar i heile Noreg, Sverige og Tyskland. Fire gonger har Oslo Soul Children turnert i USA. Nå planlegg koret sin neste tur til Chicago og Los Angeles i mars 2016.

Koret vert leia av Ragnhild Hiis Ånestad. Ragnhild er er opprinneleg fra Kragerø er ansatt som Soul Children-leiar i Acta – barn og unge i Normisjon. Ho er og grunnleggjar av Soul Children-rørsla og er musikalsk leiar for Oslo Soul Children & Oslo Soul Teens. Ragnhild held korseminar fleire stader i Europa og har medverka som dirigent, produsent, låtskrivar og songar på ei rekke plateutgivelsar.


Oslo Soul Children vert leia av Ragnhild Hiis Ånestad som starta koret som etterkvart har vokst til ein verdsvid rørsle.

Når kyrkjene, Frivilligsentralen, NAV og internasjonal skule går saman om internasjonal sommarfest er målet å samle ung og gamal, frå heile verda, til ein festdag. Det vert sceneinnslag frå ulike deler av verda, mat frå ulike delar av verda og sjølvsagt den tradisjonelle kyrkjekaffien, i tillegg til masse konkurransar, leikar og aktivitetar fortel pastor Erhard Hermansen.