Glad sang helg i Herøy og Sula Frikyrkje

Av: Administrator
22/04-2015

Første helga i mai kjem tidlegare pastor og synodeformann Sverre Jølstad, songar og plateaktuelle Kristina J. Moi og musikar Kjetil H. Jonassen til Herøy og Sula Frikyrkje, då samarbeider dei to kyrkjelydane om ein spennande glad sang helg.


Spennande konsertar!

Sverre Jølstad er den rause, omsorsfulle og varme pastoren og synodeformannen som i fleire år også arbeide som sjukehusprest i Kristiansand. Kristina J. Moi er oppvaksen i Kristiansand Frikirke der ho i 20 år song i kyrkja sine kor. I nær samarbeid med Jon Kleveland har ho gjett ut fire CD´ar og er no plateaktuell med plata «Uendelige favn» kor Eyvind Skeie har skrevet tekstar og Jon Kleveland melodiar. Kristina har arbeid innan mange musikalske genre, og har mellom anna opptrådt med fult storband i Kilden konserthus i Kristiansand. Kristina har arbeid som lærar i barne og ungdomsskulen i snart tjue år. Kjetil Høyer Jonassen har og bakgrunn i Kristiansand Frikirke sitt musikkliv, som korleiar, dirigent, pianist og organist. Til dagleg arbeidar han som høgskulelektor i musikk ved Ansgar Teologiske Høgskule i Kristisansand, og er i tillegg aktiv som frilansmusikar, komponist og arrangør. Han har arbeid med artistar som Heine Totland, Rita Eriksen, Tini, Torstein Sødal, Nordic Tenors, Ingemar Olsson, Pål Rake, Tyrone Foster, Herborg Kråkevik m.fl.

Fredag og laurdag kveld vert det konsertar i Sula Frikyrkje (fredag) og Herøy Frikyrkje (laurdag). I tillegg til Kristina og Kjetil vil Elida Alnes delta på konserten i Sula.

Sykkeltur, Sunnmørsbad, korseminar og anna!

Laurdag 2. Mai vert det og arrangert sykkeltur frå Sula til Fosnavåg (sjå eige facebook arrangement «Glad sang sykkelturen til Fosnavåg»), og vil oppmoder alle glad syklistar i Herøy om å sykle Langevågarene i møte (dei kjem med 09.00 ferga). Vi har gjort avtale med Sunnmørsbadet om ein spesialpris for «Glad sang deltakarar». Laurdag vert det og korseminar i Herøy Frikyrkje med Kristina J. Moi og Kjetil H. Jonassen, og koret deltek på konserten laurdag kveld og på gudstenesta i Sula Frikyrkje søndag 3. Mai. Sverre Jølstad vil og ha eige seminar laurdag med utgangspunkt i disippelen Barnabas, som vart kalla trøstens son, og vart kjenneteikna som han som sette mot i andre.

Felles gudsteneste i Sula Frikyrkje

Søndag 3. Mai vert det felles gudsteneste i Sula Frikyrkje. Her talar Sverre Jølastad og Kristina J. Moi og Kjetil H. Jonassen står for song og musikk. Gudstenesta vert leia av pastor Erhard Hermansen. Etter gudsteneste vert det sal av middag, og alle som ønsker middag må melde seg på til middag@sulafrikirke.no

Denne helga i Herøy og Sula må du få med deg. Det blir GLAD SANG FOR LITEN OG STOR!


Ein stor takk til våre sponsorar!