”Det er i motbakke det går oppover......”

Av: Administrator
19/03-2015

Det er i motbakke det går oppover.
Når vi har det som hardast, når vi kjenner på at livet tek ei vending, brått og uventa, eller den kjem smygande på kroppen.
Døden som stel våre kjære, sjukdom som et opp kroppen, og vi må site maktelause å sjå på. Når alderdommen endrar våre kjære, og tek dei med ut i det ukjendte.
Når den du hadde tenkt å leve livet ilag med plutseleg ikkje er der lenger….. Når kvardagen er vond å meistre.


Bjørg Thorhallsdottir

Sorg har så mange ansikt. Det er ikkje berre ved dødsfall ein kjenner på ei botnlaus sorg. Alvorleg sjukdom, skilsmisse, alderdom prega av personlegdom i endring, og når ein kjenner på at kvardagen er vanskeleg å meistre. Det er då det er godt å kome saman. Utan å seie noko. Berre høyre på. Lytte. Vere til.

Bjørg Thorhallsdottir

Vi skal få treffe Bjørg Thorhallsdottir denne kvelden. Ho er kunstnar, forfattar og grunnleggjar av Hjartefred. Eit minnearrangement som har spreidd seg landet rundt på Allhelgenssøndag.
I ein alder av 30 år blei Bjørg enkje.
Bjørg vil ta oss med på livet i motbakkane. Fortelje om evna til å glede seg over livet igjen.

Margit Lovise Holte

Margit Lovise Holte er sokneprest i Ulstein og iniativtakar til Hjartefred i Ulsteinvik.
Margit Lovise og mannen opplevde alle foreldre sitt mareritt; å miste barnet sitt fullbore I morsliv. Med si vakre formidlingsevne vil Margit Lovise ta oss med på motbakkane....

Elise Nærø og Stig Ulv

Vi skal la tankane få flyte ilag med vakker musikk.
Elise Nærø vil synge med si skjøre, vakre og nydelege stemme.
Stig Ulv vil ta oss med inn i sin eventyrlege verden av musikk.
Vi skal få kjenne på at vi lever.

Linn Therese Sævik vil leie oss gjennom kvelden.
Det er når livet viser seg frå si mest brutale side. Når det skjer utforutsatte ting i kvardagen vår. Når dagane blir snudd frå glede til sorg. Det er då vi ynskjer at dei usynlege englevingane skal kome å lyfte oss. Ta oss med oppover motbakken.
”For nokre menneske gjer himmelen vakrare å sjå på”

Du er hjarteleg velkomen til Herøy Frikyrkje 25. mars.
Arrangementet er gratis, men det blir høve til å gje ei gåve ved døra for å dekkje utgifter.