Varmar opp til tv-aksjonen med vassaktivitetar
Dagen før tv-aksjonen er det familieaktivitetar i Fosnavåg sentrum.

Av: Administrator
13/10-2014

Dagen før dagen set vi i Herøy fokus på TV-aksjonen med fleire kjekke VASS-aktivitetar i Fosnavåg sentrum.
Aktivitetane vil gå føre seg ved flytebryggene, rundt paviljongen og på «låket» over parkeringshuset. Vi startar med ein apell kl 13, så går aktivitetane slag i slag utover dagen med mange kjekke aktivitetar som ein kan vere med på.


TV-aksjonskomiteen i Herøy 2014. Bak frå venstre: Bjørn Leinebø, Therese Haugen, Anne-Britt Kvalsvik og Erhard Hermansen. Framme frå venstre: Tanja S. Leikanger, Britt Paulsen og Arnulf Goksøyr. Desse er også med i komiteen men kom ikkje med på bildet: Martin Endresen, Unni Elise Jøsokbakke, Marit Sævik Leinebø, Berit Skjelsvik og Olaug Andreassen.

Herøy kystlag vil markere opninga av dei nye flytebryggene framfor hotellet, og arrangerar i den forbindelse rostafett med politikarar ved årene.

Friidrettsgruppa vil ha vasshinderløype på låket, Bergsøy skulekorps vil delta, Redningsselskap ung stiller med både Eliasbåten og Rødbaron, medan dykkerklubben vil fylje opp fiskekummane på almenningen og mykje mykje meir.

Vi håpar at mange, store og små, gamle og unge vil kome å ha det kjekt ilag denne laurdagen Aksjonskomiteen ynskjer alle hjerteleg velkomne!