Folkemøter med TV pastor Egil Svartdahl

Av: Administrator
13/10-2014

Det er lenge sidan det vart arrangert ein felleskyrkjeleg møteserie i Herøy, men sist helg stod TV- pastor Egil Svartdahl på scena i Herøy Frikyrkje, då Den norske Kyrkje, Sion og Herøy Frikyrkje inviterte til folkemøte.


På ein enkel og folkeleg måte, og med si unike evne til å kombinere humor, alvor og glede tala TV- pastor Egil Svartdahl for ei fullsett kyrkje kvar kveld.

Egil Svartdahl var her for å oppmuntre, utfordre og vere med å spre Guds velsigning. Han var ikkje opptatt av dei mange, men av at enkeltmenneske skulle få eit møte med Jesus, og la særskild vekt på kvart enkelt menneske sin verdi og at vi alle er like verdifulle for Gud. Fleire tok imot Jesus som sin personlege frelsar denne helga, og mange stansa igjen etter møta til samtale og forbøn, eller berre til å vere i lovsong. I tillegg var det kyrkjekaffi etter kvart møte der det var høve til sosialt felleskap.

Det var høg kvalitet på songen og musikken. Det var song av Herøy Gospelkor og Rolf Magne Tømte. Vegard Voldsund stod for den musikalske leiing av musikarar og songarer gjennom heile helga.


Songen og musikken stod sentralt under møta i Herøy Frikyrkje. F.v. Birna Ýr Jónsdóttir, Elisabeth Kvalsvik, Jon Andre Nærø og Synnøve Voldsund.

Søndag tale Egil Svartdahl på felleskyrkjeleg gudsteneste i Herøy Kyrkje, og tok mellom anna utganspunkt i Jesu læresvein Tomas, han som vi har gjeven tilnamnet tvilaren, men som bibelen kallar tvilling. Egil snakka om ordet tvilling som kjem av ordet delt, og løfte fram at tvilen ikkje er trua sitt motstykke. Der trua er, vil og tvilen vere. Spørsmålet er om vi vel å stole på Gud.


Sokneprest Knut Magne Dalsbø og pastor Erhard Hermansen ønskte velkomen til den felleskyrkjelege gudstenesta.

- Eg let meg imponere og begeistre over viljen folk i Herøy har til å mobilisere. Det var flott å sjå kyrkjene stå saman, og at dei klarte å gjere terskeleg låg. Det er ein draumejobb å få vere predikant for slike folk, sa Egil Svartdahl etter helga.

Fleire uttrykte glede over eit slikt samarbeid og ein slik møteserie, og under avslutninga søndag kveld lova pastor Erhard Hermansen at det ikkje vert lenge til det vert arrangert nye felleskyrkjelege møter i Herøy.