TV Pastor Egil Svartdahl kjem til Herøy

Av: Administrator
04/09-2014

3.-5 oktober er endeleg TV pastor Egil Svartdahl tilbake i Herøy. Egil Svartdahl er den ettertrakta og folkelege forkynnaren som vi kjenner så godt frå TV skjermen. Han er ein dyktig kommunikator av evangeliet for det moderne menneske.


Egil Svartdahl

Gjennom program som “Gudesens konditori”, “Søndagsåpent”, “TV pastoren”, "Pastor på prøve", og dei siste åra med programmet “Reisen hjem” har Egil Svartdahl gjennom meir enn tjue år klart å få det kristne bodskapet formidla på ei naturleg måte gjennom TV2.

På ein enkel og folkeleg måte møter Egil Svartdahl menneske landet rundt, til samtale om livet og trua. Derfor var også Egil Svartdahl den fyrste som fekk “Petter Dass prisen”, ein pris som delast ut “til en person eller organisasjon som gjennom sitt arbeid har forent kristen gudstro med folkelighet, på en frodig og folkelig måte”

For to år sidan kom Egil Svartdahl med boka “Nærbilder” med undertittelen “tv - pastorens bekjennelser”. I boka fortel han sin eigen historie. Med utgangspunkt i samtalar han har hatt på tv, tar Egil opp evigaktuelle tema som tilgjeving, trufastheit, håp, forsoning og kjærleik. Han viser kva desse verdiane betyr for ham sjølv og for ulike menneske han har møtt, og korleis dei kan hjelpe oss vidare i livet. "I mitt møte med andre mennesker har jeg hatt en enkel filosofi. Hvert menneske, uten unntak, har sin egen livshistorie." seier Egil Svartdahl

Det er Den norske Kyrkje, Sion og Frikyrkja som står bak møta med TV pastoren, og møta vert i Herøy Frikyrkje. Etter kvart møte er du velkomen til ein kopp kaffi og noko å bite i. Søndag taler Egil Svartdahl på gudsteneste i Herøy Kyrkje.