Tverrkyrkjeleg gudsteneste med lys og glede

Av: Administrator
17/06-2014

«Alt vart til ved han, og utan han vart ikkje noko til. Det som vart til i han, var liv, og livet var lyset for menneska. Lyset skin mørkret, og mørkret har ikkje overvunne det.» Slik står det i starten av evangeliet etter Johannes. Og det er tema for årets tverrkyrkjelege gudsteneste under Maritime Sommardagar. Jesus er verdas lys og han gjev håp sjølv når det er mørkt.


Glimt frå fjordårets gudsteneste.

5 gonger tidlegare har kyrkjene i Herøy gått saman om ei gudsteneste for alle generasjonar som ei avslutning på festivalen. I år stiller Sion Gurskøy, Herøy Kyrkje og Herøy Frikyrkje difor opp saman for 6. gong, i det som er blitt eit svært viktig og meiningsfullt samarbeid. Det har vorte ein av dei aller best besøkte gudstenestane for oss alle og ein flott avrunding på Maritime Sommardagar. Det fungerer også på mange måtar som ei sommaravslutning for kyrkjene.

Mathias og Pernille Fjalsett blir med i gudstenesta og vil synge fleire egne songar. Dei har rundt 40 konsertar i året og har fleire plateutgjevingar bak seg. Det blir høve til å få med seg cd-er etter gudstenesta. Mathias og Pernille syng ikkje berre aleine, dei tar også med seg barnekoret som har lært songar av Mathias og Pernille på barnegospeltreffet laurdag. Det har vorte ein fast tradisjon å ha eit slikt kor på denne gudstenesta og det er ingen tvil om at det er eit av høgdepunkta denne søndagen. Når barna tar del med frisk song saman med artistane vi har på besøk er det vanskeleg å ikkje bli glad.

Ingen ute-gudsteneste utan at det blir skikkeleg kyrkjekaffi til slutt. Sokneråda i Herøy har det som sin faste oppgåve og det er ei kjekk og velsmakande avslutning som binder fellesskapen saman sosialt også. Alt i alt er det 40-50 medarbeidarar frå dei forskjellige kyrkjene og festivalen som er med på å lage denne gudstenesta. Vi vonar at oppmøtet blir stort frå alle dei 3 kyrkjelydande og at vi alle får lys over oss frå himmelen med oss på vegen.