Arendal Frikirkes Menighetskor kjem på besøk!

Av: Administrator
02/06-2014

For ein del år sidan var det ikkje uvanleg at nettopp pinsehelga var tida for korturne, med innlagt songmøte og konsertar i bygdene våre. Dei seinare åra har det vore mindre av dette, især når det gjeld langvegsfarande korsongarar. Difor er det ekstra gledeleg å kunne melde at Arendal frikirkes menighetskor no er klar for Sunnmørstur.


Arendal Frikirkes Menighetskor

Førstkomande søndag deltek menighetskoret ved høgtidsgudstenesta i Herøy frikyrkje før dei set kursen mot Ørsta frikyrkje og songmøte ilag med Ørsta frikyrkjekor. På høgtidsgudstenesta i Herøy frikyrkje talar pastor Erhard Hermansen.

Arendalskoret har tradisjon for å dra på kortur i pinsa, men så langt som til Sunnmøre er det ikkje ofte dei reiser, og det endåtil med buss. Dei vel førti songarane gler seg til møte med folk og natur, og vi vonar det er mange som legg vegen til arrangementa dei skal delta på.