Songglede i Frikyrkja komande laurdag!

Av: Administrator
03/04-2014

GLAD: Er born som får synge og danse til musikk.
GLADARE: Er born når dei kjem i lag for å dele takt og tonar.
GLADAST: Er vi når vi samlast for å smitte kvarandre med felles songGLEDE !


Det er VÅR. Alt vaknar til liv, og vi kjenner at vi lever. Dette må feirast! Vi har samla fem kjekke, flinke og sprudlande barnekor. Vil du kjenne på ei skikkeleg vitamininnsprøyting av sprell levande og syngande born? Då er du hjarteleg velkomen til Herøy Frikyrkje laurdag 5. April kl 15.00.

Kora Fifaliana frå Bigset, NOAH frå Remøya, Lisjefrik, Baluba og Happy Hearts frå Herøy Frikyrkje deltek, og representerar ungar frå 1-13 år. Det skal bli kjekt å samlast!

Vi trur dette vil bli eit stort fargekart av tonar og liv og håpar å kunne avslutte med eit spontant og sprudlande fellesnummer.

Måtte Herøy Frikyrkje bli stappfull av GLEDE denne vårlaurdagen.

Velkomen store og små

Helsing frå
Kari, Bente, Linn Therese og Thea