Kirkens Nødhjelp - Fasteaksjon med fokus på Syria

Av: Administrator
03/04-2014

Førstkomande helg er det klart for årets fasteaksjon. Det er 47. gang Kirkens Nødhjelp arrangerer fasteaksjonen og både konfirmantar og vaksne går frå dør til dør for å samle inn pengar til dei som treng det mest. I Ytre Herøy er aksjonsdagen 6. april, medan datoen er 8. april for Indre Herøy og Leikong.


Even Sævik (t.v.) og Bendik Hermansen er konfirmantar i Herøy Frikyrkje. Før jul samla dei inn pengar til Kirkens Nødhjelp sitt arbeid i Syria. 6. og 8. April får alle husstandar i Herøy besøk av bøssebærarar som samlar inn pengar til Kirkens Nødhjelp sitt arbeid.

- Sjølv om vi har våre utfordringar i Noreg lever vi trygt og godt i eit rikt og beskytta land. Slik er det ikkje alle stader, og varige konfliktar som Sør-Sudan og Syria har ein tendens til å bli gløymt når det oppstår noko anna, seier pastor Erhard Hermansen i Herøy Frikyrkje.
I februar skulle pastor Erhard Hermansen vitja Sør-Sudan, men grunna den urolege situasjonen vart det ikkje noko av besøket.

- Eg har jamleg kontakt med ein pastorven i Sør-Sudan. Han fortel kor dramatisk situasjonen er. Fleire av hans familie har vorte drepne, fleire har døydd i hendene hans. Han takkar Gud for at han framleis lever, seier Hermansen.

Sidan 1972 har Kirkens Nødhjelp arbeida i Sør-Sudan.

Gir håp til syriske flyktningar

Fasteaksjonen i år har eit særskild fokus på situasjonen i Syria. - Borgarkrigen i Syria er vår tids største katastrofe. Borgarkrigen har skapt ei av de største humanitære katastrofar på 70 år, 10 millionar syrarar er ramma og 2,5 millionar syrarar er på flukt, seier Hermansen

– Altfor mange har sett sine eigne søsken og foreldre verte drepne. Men om eg kan bidra til at dei i det minste har eit håp om ei betre framtid, har eg verdas mest meiningsfulle jobb, seier Wejdan Jarrah (32) som gir psykososial støtte til syriske flyktningar.

Zataari i Jordan er i dag verdas nest største flyktningeleir, med over 200 000 menneske som har flykta frå borgarkrigen i Syria. Altfor mange, både barn og vaksne, har opplevd bomberegn eller sett familie, vener og naboar verte drepne. Som ein konsekvens sliter mange med traumar og søvnløyse.


Altfor mange har sett sine eigne søsken og foreldre verte drepne. Men om eg kan bidra til at dei i det minste har eit håp om en betre framtid, har eg verdas mest meiningsfulle jobb, seier Wejdan Jarrah.

Psykisk nødhjelp

– Innan mitt fagfelt kallar vi arbeidet vi utfører for psykososial førstehjelp. Det er akkurat kva det er. Mange har behov for naudhjelp også psykisk, seier Wejdan Jarra (32). Ho har master i psykososialt arbeid og jobbar i flyktningleiren Zataari i Jordan for å gje håp til syriske flyktningar i ein desperat situasjon.

Sjølv om Jarrah har den rette utdanninga og erfaringa, er det tøft. Mange av menneska ho møter har opplevd ufattelege traumar.

– Det er klart det går inn på meg. Eg møter så mange skjebner at eg ofte må bearbeide eigne tankar etter lange arbeidsdagar for å være rusta til ein ny dag i leiren, seier ho.

Umenneskelege lidingar

Firebarnsmora Dimah, som har søkt tilflukt i Zataari, fortel om fleire dagars samanhengande bombing av landsbyen dei budde i. Om reine massakrar på sivilbefolkninga, om 196 drepne den dagen dei flykta.

– Sonen min på fire år gret og skjelv kvar gong han høyrer eit fly, fortel ho. I leiren får ho og familien hjelp av Kirkens Nødhjelp og deira partnarar.

Dimah fortel om eit tidlegare liv med gardsdrift, om to døtre som elska symjing og hesteriding. Som drømte om studiar og solide jobbar. I dag sit dei som flyktningar i eit ørkenområde der den ubarmhjertige sola gjer teltet steikande heitt.

– Dette er ikkje mykje til liv, men vi er i det minste i sikkerheit frå dei grusomme krigshandlingane, og vi er svært glade for hjelpa vi får, seier Dimah.

- Kirkens Nødhjelp gir naudhjelp til syriske flyktningar både inne i Syria og i nabolanda. Dei trappa opp innsatsen i fjor haust og fortset arbeidet med stor styrke i år, seier Erhard Hermansen.

Kirkens Nødhjelp jobbar i Syria og andre katastrofeområder for at flest muleg menneske skal få ein sjanse til å overleve. Fasteaksjonen bidrar til dette og til at folk reiser seg og får nye muligheter.

Stor gjevarglede

Pastor Erhard Hermansen er distriktskontakt for Kirkens Nødhjelp og seier at det i Herøy er eit stort engasjement for arbeidet til Kirkens Nødhjelp. - I fjor gav bedrifter og privatpersonar rundt 120000 til Kirkens Nødhjelp. For desse pengane kan Kirkens Nødhjelp gi 120 landsbyer eiga vatnpumpe, 200 familiar mat i ein månad, eller dei kan dele ut 60000 naudhjelpsrasjonar, seier Hermansen

Ei av bedriftene som støttar aksjonen er Bourbon Offshore som seier «Vi støtter Kirkens Nødhjelp sin fasteaksjon fordi de er der behovene er størst og hjelper de som trenger det mest» 

- Fleire bedrifter støtter opp om aksjonen og ved dør til dør aksjonen er det stor gjevarglede, seier Hermansen, og oppmodar alle om å vere med å støtte aksjonen.

Klimautfordringar gjev øydelagde avlingar

Ei anna stor utfordring som Kirkens Nødhjelp engasjerar seg i er dei store klimautfordringane. Snart kjem FNs klimapanel med ny rapport. Den vil vise det Kirkens Nødhjelps partnarar har observert lenge: At klimaendringane rammar dei fattigaste hardast.

- Eg fekk vitje Kenya tidlegare i år, eit land Kirkens Nødhjelp har arbeid sidan 1984. Eg fekk med eige auge sjå kva skade vi gjer ved å ikkje ta vare på skaparverket, seier Erhard Hermansen.

- Regnet som skulle ha kome tidlegare i år kom ikkje, og avlingane gjekk tapt, seier Hermansen.

Det er dei rike landa som har sluppe ut mest klimagassar gjennom historia, men det er fattige menneske over store deler av verda som kjenner konsekvensane. Kirkens Nødhjelp meiner at dei rike landa må ta mesteparten av ansvaret.

Komande helg kan du støtte det viktige naudhjelpsarbeidet Kirkens Nødhjelp driv over heile verda. – Eg høyrde ein gong nokon sei ”Gi så det svir, til det ikkje svir meir”. Eg oppmodar i alle fall alle til å støtte fasteaksjonen, seier pastor Erhard Hermansen.