I år går dei for Syriaflyktningane

Av: Administrator
26/03-2014

6. og 8. april er Kirkens nødhjelp sin fasteaksjon i Herøy. Dei fleste bøsseberarane er konfirmantar og samlar inn pengar til krigsflyktningane i Syria.
Tekst/foto: Josefine Spiro
josefine@vestlandsnytt.no


* Ungdomsprest Geir M. Lande i Frikyrkja og kyrkjelydspedagog i Herøy, Karl Anders Brendmo er klare for årets fasteakssjon.

- Vi lever trygt og godt i eit rikt og beskytta land. Sjølvsagt har vi utfordringar i Noreg, men det er ingenting samanlikna med det mange menneske i andre deler av verda opplever til vanlig. Varige konfliktar har ein tendens til å bli gløymt når det oppstår noko anna. Ja, det er rett at vi må hjelpe Ukraina, men nauda i Syria og Sør Sudan er framleis større, seier ungdomspastor, Geir M. Lande i Herøy Frikyrkje.
6. til 8. april er det tid for Kirkens nødhjelp sin årlege fasteaksjon til inntekt for flyktningane i Syria. I Ytre Herøy er aksjonsdagen 6. april, medan datoen er 8. april for Indre Herøy og Leikong.
- Dette har lenge vore eit samarbeid mellom Frikyrkja og Den norske kyrkja, og det er blitt tradisjon at konfirmantane går som bøsseberarar, seier Lande, før han understrekar at dette ikkje er ein konfirmantaksjon.

Spesialistar
Kyrkjelydspedagog i Herøy, Karl Anders Brendmo har ansvar for all konfirmasjons- og dåpsopplæringa i kommunen. Han fortel meir om kva midlane frå fasteaksjonen går til.
- Mange av dei som er i Syria for å yte bistand er spesialister på å ta seg av menneske som har gått gjennom svært traumatiske opplevingar. Krigsflyktningane har ofte sett nær familie blitt drepne framfor seg, seier han.

- Spontant engasjement
Årets konfirmantar har fått ei lita innføring i Syria-konflikten, først og fremst frå det omreisande bandet, «Road Service».
- Bandet besøker konfirmant-grupper rundt om i landet og gir dei innsikt i globale problem, for å få dei til å tenkje at dei kan gjere ein forskjell. Barn og unge er gjerne flinkare enn oss vaksne til å engasjere seg spontant. Der er eit stort potensiale når ein let ungdom få vere med på arbeid som dette. Viss engasjementet varar ved, vil verda sjå annleis ut, seier Lande.

Vil nå alle
Det er ikkje berre konfirmantar som blir med på årets fasteaksjon.
- Mange foreldre blir også med, og det er viktig, for det kan vere utfordrande å forstå og følgje rodekarta, seier Brendmo.
Kvart rodekart gir ei oversikt over alle eigedommane i eit avgrensa område i Herøy og tar om lag ein time og kome gjennom.
- Det er viktig at vaksne er med ut, slik at vi når flest mogleg. Alle husa skal bli besøkt, seier Lande.