Inspirerande dagar med TV-pastoren

Av: Administrator
27/11-2013

Denne veka har TV-pastor Egil Svartdahl inspirert kyrkjefolk og deltakarane på fleire opne møte i Herøy frikyrkje med sin engasjerande, opne og ærlege måte å forkynne på.
Tekst/foto: Stein Arne Lilleøy, Vestlandsnytt
stein@vestlandsnytt.no


INSPIRATOR: Ein karismatisk og engasjerande Egil Svartdahl har vore på plass i Herøy Frikyrkje denne veka. Her er han i pausen under dagseminaret onsdag, der han samla 60 tilsette og frivillige frå meinigheiter i heile regionen.

Tysdag kveld engasjerte Egil Svartdahl ei godt besøkt frikyrkje med eit spennande foredrag over temaet «Gi det videre - flergenerasjonsmenigheten». Då Vestlandsnytt møtte TV-pastoren onsdag, var han godt i gang med å gi 60 tilsette og frivillige frå meinigheiter over heile Søre Sunnmøre gode input i seminaret «En tid som denne – hvordan formidle evangeliet i en postmoderne tid.»

­ Vi snakkar om forkynning og kommunikasjon, med eit aspekt av motivasjon. Gjennom å dele av mine eigne erfaringar, både gode og dårlege, prøver eg å vise kva formidling har å seie for bodskapen vi ønskjer å nå ut med. I utgangspunktet har vi verdas beste bodskap, evangeliet. Valet vårt består
i korleis vi formidlar denne bodskapen, seier Svartdahl.

­ Litt som med mat

I følgje Svartdahl kan forkynning gjerne samanliknast med mat, der måten ein serverer ingrediensane på, har veldig mykje å seie.

- Ein kan nytte dei same ingrediensane til å lage lapskaus, som ein nyttar til å tilberede og servere den lekraste indrefilet, smiler han.

Viktige kjensler

Den protestantiske kyrkja har blitt «orda og tankane si kyrkje», meiner pastoren.

­ Men det vi høyrer og det vi føler er to ulike ting, og det er nok let å gløyme kor inspirert og påverka ein kan bli av kjensler. Ved å utvide spekteret i kommunikasjonen vår kan vi formidle på ein heilt ny måte.


NØGDE: Frikyrkjepastor Erhard Hermansen, sokneprest Kjersti Eide Tostrup frå Ørsta, sokneprest Ivar Austrheim frå Vanylven, sokneprest Bjørn Leinebø og sokneprest Knut Magne Dalsbø frå Herøy var godt nøgde med seminaret.

­ Ikkje berre å bringe kunnskapen vidare

I pausen under seminaret onsdag gav fleire av deltakarane uttrykk for at timane med Egil Svartdahl hadde vore svært lærerike.

­ Det har vore veldig bra. Det er godt å bli minna om at der skal vere liv i det vi snakkar om i kyrkja. Det er ikkje berre snakk om å bringe kunnskapen vidare, seier sokneprest Knut Magne Dalsbø til Vestlandsnytt.

For både kyrkjegjengarar og ikkje-kristne

Onsdag kveld fylte Egil Svartdahl igjen frikyrkja av forventingsfulle tilhøyrarar, som ville la seg inspirere og engasjere av TV-pastoren.

­ Eg har ikkje alltid opplegget for det eg tenkjer å seie heilt klart føre meg. Mykje tek eg der og då. Men målsettinga for det eg ønskjer å bidra med er klar. Målet mitt for ein slik kveld som her i frikyrkja er at kyrkjegjengarar og ikkje-kristne kan site ved sidan av kvarandre, og at begge etterpå kan seie at «dette handlar om mitt liv».