Seminar om Haugerørsla
17. oktober i Frikyrkja

Av: Administrator
02/10-2013

Torsdag 17.oktober vert det Hans Nielsen Hauge seminar i Herøy Frikyrkje. Komitèen ønskjer på dette seminaret å setje søkjelyset på etikk og samfunnsutvikling med Hauge-arven som perspektiv. Det er fjerde året på rad at det vert Hauge-seminar i Herøy.


Tidlegare statsminister Kjell Magne Bondevik deltek på Haugeseminaret. Han har følgjande tittel på foredraget sitt; “Er Hauge sine idèar gangbare i internasjonal politikk?”

Interessante og kunnskapsrike kapasitetar vert med på Hauge-kvelden. Evangelisten, den kristne forkynnaren, Anne Christiansen som grunnla Jesus Kvinner i 2003, gled seg til å vere med på seminaret. Jesus Kvinner er ei tverrkyrkjeleg grasrot-rørsle som ønskjer å mobil- isere kvinner i alle aldrar til bygging av Guds rike i heim, familie, samfunnsliv, meinigheitsliv og næringsliv. Verksemda er regionale konferansar og kvinnegrupper. I tillegg til Jesus Kvinner, har Chrstiansen vore med på å grunnlegge Jesus Church, Jesus Revolution, Jesus Russen og Jesus Jenter.


Anne Christiansen, evangelisk og grunnleggar av mellom anna Jesus Kvinner, Jesus Church, Jesus revolution med meir held foredrag om “Den åndelege delen av Hauge sitt virke”. Korleis kan det inspirere kristne i dag, nasjonalt og internasjonalt?

Birger Løvlie er sørlending, gift med ei Herøydame og underviser på høgskulen i Volda. Han underviser primært i kyrkjehistorie, bibelfag og religionspedagogikk. Som fagleg interessefelt har han kyrkjehistorie og kyrkjerett. Han har vore pastor i den Evangeliske Lutherske frikyrkja frå 1972 til 1979. Han har ei solid utdanning med mellom anna doktorgrad, og er Dr theol. Løvlie er medarbeidar i strategiske høgskuleprosjekt, og ser på kulturperspektivet mellom bønder og embetsmenn. Han gir også ekspertkommentarar innan teologi. Det har og vorte bok om salmediktaren Matias Orheim frå Stårheim.


Dr. Theol Birger Løvlie er .. På høgskulen i Volda. Tema for hans foredrag er "Spor av Hauge i USA"

Kjell Magne Bondevik kjem også til seminaret i Fosnavåg. Han har følgjande tittel på foredraget sitt; “Er Hauge sine idèar gangbare i internasjonal politikk?” Bondevik har vore statsminister for to regjeringar.?Han har vore utanriksminister og kyrkje- og undervisningsminister. I dag er den mangeårige politikaren leiar for Oslo-senteret for fred og menneskerettar.

Liv og gjerning

Hans Nielsen Hauge var fødd 3. april 1771 i Tune prestegjeld i Østfold. Han døyddde 29. mars 1824, berre 53 år gammal. Livet hans fall saman med?ein tidsepoke i Noreg som var full av liding, krig, naud og store endringar – ein tilstand som og samsvarar med hans eige livsløp. Han var fødd som ein person med lågstatus i det dansk-norske monarkiet. Han døydde som ein respektert person i mellomklassen i eit nytt Noreg. Tihengarane hans vart kalla Haugianarar, og dei var dyktige bønder, handverkarar og kjøpmenn som kom til å spele ei viktig rolle i oppbygginga av det norske samfunnet etter 1814.

Hauge reiste rundt i landet som lekpredikant, etablerte venesamfunn over heile landet, skreiv religiøse bøker, grunnla og dreiv ymse verksemder. Han var nevenyttig, gløgg og initiativrik. Barne og ungdomen hans var sterkt prega av pietismen som rådde i den norske kyrkja.?Konventikkelplakaten frå 1741 forbaud lekfolk?å forkynne Guds ord. Hauge sine brot på denne sende han i fengsel fleire gongar. Dei mange opphalda bak murane var med på å bryte han ned helsemesssig.?Hauge lærde også at kvinner og menn er likestilte. Han oppmuntra menn til å gjere husarbeid, og kvinner til å arbeide på garden. Dette var revolusjonære tankar for si tid, og ikkje alle tok det alvorleg. Påverknaden frå haugerørsla på det norske folket, førde til at det voks fram ein nasjonal identitet og ei samlande samfunnsånd, som skulle bli grunnleggjande for den norske fridomsrørsla. Tida har vist at idèane og prinsippa som Hauge gjekk inn for både i kristendomssynet og forretnings- drifta hans, var tidlause og universielle. Også?i dag kan det vere klokt i å følgje dei idèane og prinsippa som han stod for. Hans Nielsen Hauge har sett djupe spor etter seg i fedrelandet si soge.