Velkomen til presbyteriemøte i Herøy Frikyrkja

Av: Administrator
18/09-2013

Denne helga taler fleire av Frikyrkja sine leiarar, nasjonalt og lokalt i Herøy Frikyrkje. I tillegg deltek fleire av kyrkjelyden sine song- og musikkrefter.


Frikyrkja sin øvste leiar, synodeformann Arnfinn Løyning, tilsynsmann i Vestre presbyterium Leif Erik Nilsen og pastor Erhard Hermansen er blant dei du kan høyre tale i Herøy Frikyrkje denne helga.

Herøy Frikyrkje er vertskap for presbyteriemøtet. Presbyteriemøtet er årsmøte i Vestre tilsynsdistrikt av Den Evangelisk Lutherske Frikyrkje. Til møtet kjem det utsendingar frå Frikyrkja sine kyrkjelydar i Rogaland, Hordaland og Møre og Romsdal.

I tillegg til komitemøter og plenumsforhandlingar for utsendingane, vert det fleire møter og arrangement som er ope for alle.

Møter

På opningsmøte fredag talar tilsynsmann og pastor i Bergen Frikyrkje, Leif Erik Nilsen. På møtet vert også Even Sævik med og syng. Laurdag føremiddag talar pastor i Stavanger og Sandnes Frikyrkje, Lars Kristian Heggebø

Lovsongskveld

Laurdag kveld inviterer vi til lovsongskveld. Det er pastor Erhard Hermansen som taler. Lovsongskvelden vert leia av eit eige lovsongsteam og Vegard og Synnøve Voldsund deltek med song.

Gudsteneste med innsetting av tilsynsmenn

Helga vert avslutta med gudsteneste. Her talar Frikyrkje sin øvste leiar, synodeformann Arnfinn Løyning, og det vert innsetting av nye tilsynsmenn i Vestre tilsynsdistrikt av Den Evangelisk Lutherske Frikyrkje. I gudstenesta deltek pastor Erhard Hermansen, og det vert song av Una Myren.

Herøy Frikyrkje håpar at mange finn vegen til dei ulike samlingane.