Team Sulebakk og Happy Hearts til Korfestival under Maritim Sommarfestival!

Av: Administrator
29/05-2013

Det er snart tid for Maritim Sommarfestival. Kyrkjene i Herøy har i fleire år arrangert korfestival for born og unge under festivalen, og året i år er ingen unntak. I år gler vi oss over at Happy Hearts og TEAM SULEBAKK vert med! Dei vert også med på storfamiliegudstenesta på allmenningen søndag. I tillegg til korseminar og konsert vert det i år eit danseseminar.


Team Sulebakk

Happy Heart
Happy Heart er Herøys eigne stjerner. Happy Hearts er ei gruppe med utspring i barnekoret Baluba og består av åtte sprudlande og fantastiske jenter. Gruppa syng på nynorsk og engelsk og under leiing av Elise Nærø er dei no plateaktuelle med plata ”Eg er rik”. Vi er veldig glad for at dei vert med oss denne helga!


Happy Heart

Team Sulebakk
Team Sulebakk har vore i Herøy før, og dei gler seg til å treffe igjen folk som dei har møtt før, og ikkje minst bli kjent med nye. Team SULEBAKK er; Sebastian (16), Bertine (14), Serlina (13), Mamma Barbro og pappa Øystein og Bendik (6). 

Familien står bak ein rekke utgivelsar for born og unge, og reiser rundt i hele landet med songen og musikken sin. Kvart år arrangerer familien STORKONSERT i Grieghallen, Bergen, der de får med seg andre kristne artistar og kor frå ulike samanhengar og kyrkjelydar i byen.

Den fyrste CD`en ”Rare ting” kom i 2006, og sidan den tid har det blitt MANGE! I år er det også nye ting på gang…Ungdommane i familien er aktuell med ny plate våren 2013, og i oktober kjem mamma Barbro med eige soloalbum.


Serlina (13), Bertine (14) og Sebastian (16)

Korfestival
Vi startar laurdagen med danseøving for dei som likar å danse. Så vert det ei samling for dei store først. (3. klasse tom 16). Medan dei store har pause, får dei små (4 år tom 2. klasse) ha Sulebakk for seg sjølv og øve på nokre songar, før det vert fellesøving og konsert!

«Storkonsert»
Team Sulebakk har god erfaring med å arrangere storkonsertar i Grieghallen. No får vi vår eigen «Storkonsert» i Herøy. Etter nokre timar med øving for festivalkoret vert det gratis konsert i Herøy frikyrkje. Der får du høyre Happy Hearts, festivalkoret og Team Sulebakk.

Felles storfamiliegudsteneste
Søndag kl. 11 inviterer Herøy Kyrkje, Pinsekyrkja Sion og Herøy Frikyrkje til felles storfamiliegudsteneste ute midt i Fosnavåg sentrum. Happy Hearts, festivalkoret og Team SULEBAKK vert med. Det vert ei gudsteneste for heile familien. Vi kan love mykje god musikk, og spennande og aktuell forkynning! Både veslebror og bestemor skal få oppleve at her er det noko som passar dei!

Vi veit det enda er ei stund til festivalen, men vi håper du vil melder deg eller dine på korfestivalen, og at du alt no planlegg å få med deg gudstenesta på søndagen.


Påmelding:
Herøy Frikyrkje
Telefon: 70087800
Epost: post@frikyrkja.net
Pris for korfestivalen (inkl. t-skjorte og enkel mat) kr. 100