Siste «Show It» i frikyrkja denne våren

Av: Administrator
22/05-2013

«Show It» er ei unik gudstenesteserie med særleg fokus på ulike trusheltar i Bibelen. Herøy Frikyrkje har halde fleire «Show It»-gudstenester denne våren, og søndag var tilgiving hovudtema. (Tekst/foto: Vestlandsnytt)


Det har vore svært godt oppmøte på alle «Show It»-gudstenestene.

I «Show It»-gudstenestene møter vi professor Darwinius, og saman med Camilla Storøy Hermansen snakkar han om temaet hemn og tilgiving og det å vende det andre kinnet til.
– Det er ikkje alltid like lett å vende det andre kinnet til om nokon har gjort oss vondt. Nokre gonger kan vi til og med verte oppmoda til å hemne oss, men Gud seier at vi ikkje skal gjere det, sa Storøy Hermansen.
Kyrkjelyden fekk sjå ein film frå den fiktive «familien Byberg» denne gongen også. Familien møter stadig ulike utfordringar, og denne gongen vart dottera i huset utestengd frå veninna si bursdagsfeiring. Kva gjer ein i ein slik situasjon?
– Det kan vere forståeleg om ein ynskjer hemn, men slik er ikkje Gud. Tenk om Gud skulle hemne seg for alt det galne vi gjer, sa Darwinius.


Darwinius (Jostein Nærø) tek temaet på alvor og øver seg på å vende det andre kinnet til.

Tilgiving
I Bibelen kan vi lese om David. Han vart dårleg handsama av kong Saul, og Saul ville endåtil drepe han. Ved hjelp av skodespel fekk kyrkjelyden sjå kva som hende den gongen.
Saul og mennene hans var ute etter David. David ville ikkje slåst med Saul, og for å bevise det, skar han ein flik av kappa til Saul utan at Saul merka det.
På denne måten fekk han vist at han ikkje ville drepe Saul sjølv om han fekk høve til det. Saul vart så glad då han innsåg dette, at han bestemte seg for å gjere David til konge over Israel.


David (Pia Voldsund) og mennene hans (Even Sævik) tek ei matpause medan dei skjuler seg for kong Saul.

– Frå vår eiga tid kan vi samanlikne David med Nelson Mandela frå Sør-Afrika. Han kjempa for likskap og rettferd og vart fengsla for dette. Då han vart fri, oppmoda han likevel til forsoning og tilgiving. Men skal ein tilgi alt? spurte Darwinius.
– Det er eit veldig vanskeleg spørsmål, men i utgangspunktet skal ein det, sa Storøy Hermansen.
Darwinius meinte at det likevel var viktig å få ut dei vonde kjenslene dersom nokon gjer ein urett, og då kan ein til dømes slå ei pute, smelle med ei dør, eller snakke med nokon i familien.


Både bandet og koret bidrog med flott musikk. I koret ser vi (f.v.) Linn Therese Sævik, Inga Kvalsund, Josef Vike, Sigve Hermansen, Julie Storøy, Glenn Are Nerland Elveseter, Vilde Kvalsund og Tomine Sævik.

Vert truleg meir «Show it»
Det er Fribu (Frikirkens barne- og ungdomsarbeid) som står bak «Show It»-konseptet, og Storøy Hermansen fortel at «Show It» har vore nytta fleire gonger på frikyrkja sitt årlege sommarstemne ved Stavern.
– «Show It» nyttar kjende figurar til å formidle bodskapen. Tidlegare har ein brukt både «Trond Cruz» og «Ronny Hood». Dette er eit felles opplegg for alle frikyrkjene, og konseptet har vorte godt motteke, seier Storøy Hermansen.
Dette var siste «Show It»-gudsteneste denne våren, men Storøy Hermansen fortel at Herøy Frikyrkje truleg vil halde fram med dei populære gudstenestene til hausten.
– Det har vore veldig godt oppmøte på desse gudstenestene. Vi får dessutan positive tilbakemeldingar frå både eldre og unge. Det ser ut til at alle kosar seg, og det er sjølvsagt kjempekjekt, seier Storøy Hermansen.