«LOVESONG»- KVELD: 2. pinsedag.

Av: Administrator
14/05-2013

Lovsongskveld – det er ein slags «LOVESONG»-kveld. Vi mottek så mykje ovanfrå, ofte utan å vere klar over det, og av og til kan det vere på sin plass å gi litt ’love’ tilbake. Det tragiske er at av dei 10 som fekk sine behov møtt av Jesus, så kom berre 1 tilbake for å takke. «Kvar er dei andre ni?» spurte Jesus.


Lovsongskveld: 20. mai kl.18.00 er det igjen klart for ein ny Lovsonskveld på Sjøborg. Foto: Trond Espeseth.

Ikkje det at Lovsongskveldane handlar kun om å takke, eller om å gi. Mange kjem tilbake dit fordi dei får noko, eit ord som styrker sjela, ein song som treff hjertet, ei flott musikalsk oppleving, kanskje til og med eit møte med ei kraft utanfor seg sjølv. Og så er det rik anledning til å ta seg ein time i ei lovsongs-atmosfære og takke, tilbe og gi tilbake.

Til Sjøborg kulturhus, denne mai-kvelden, får vi besøk av Bjarte Mo. Han er ein eminent fiolinist, og spelar fast i Stavanger Symfoniorkester. Han leier også Stavanger String Session. Det blir ei oppleving å få høyre han spele eigne musikalske stykker, men han skal også ta del i musikken saman med hus-orkesteret og LK-koret. Vi gler oss storlig til å ha han med.


Fiolinist: Bjarte Mo spelar fast i Stavanger Symfoniorkester. Han tek del på Sjøborg denne kvelden.

Og så er Lovsongskvelden eit arrangement som absolutt alle kan kome på; truande og ikkje-truande, statskyrkjefolk eller pinsevenar, eller folk frå alle andre samanhengar. Poenget er ikkje å viske ut grensene eller late som vi alle har same preferansar til musikk eller teologi, men å feire det alle truande har felles: Guds Son, Jesus, som er verdas håp.


Tverrkyrkjeleg: Lovsongsteamet er samansett av aktørar frå ulike kyrkjesamfunn på Søre Sunnmøre. Foto: Anna Ragnhild Lynge.

Geir Idar Knotten er kapellmeister, og har med seg husband og kor som medverkar i lovsongen, og det vert solistinnslag med blant andre Roy Muren, Iver-Olaf Grimstad og Ann Cesilie Skundberg.


Lovsongsleiar: Geir Idar Knotten er kapellmeister under Lovsongskvelden. Foto: Trond Espeseth.

«Ord for kvelden» er eit fast innslag, og denne gongen vert det ved Anton Heggvik. Vi får høyre relevante sanningar som vi kan meditere på. Og så blir der kanskje nokre ekstra «sukkerbitar» denne gongen også. Kom, feir og tilbe, eller berre stikk innom viss du er nysgjerrig.

Lovsongskvelden 20. mai er open for alle. Inngong er somn alltid gratis. Vi tek opp ei kollekt for å dekke alle kostnadane. Sjå www.lovsong.com for ytterlegare info rundt arrangementet.

Du er hjarteleg velkomen på Sjøborg kulturhus i Ulsteinvik, 2. pinsedag!

Komitéen, ved koórdinator.