Det er i motbakke det går oppover
Temakveld onsdag 24. april i Herøy Frikyrkje

Av: Administrator
17/04-2013

Alle har følt det slik ein eller anna gong. Anten når sjukdom rammar dei næraste, når nokon døyr brått, eller når vi berre ikkje meistrar kvardagen. Det er då vi treng motivasjon. Motivasjon for å sjå framover, men også finne glede i dei små kvardagslege tinga rundt oss. Ikkje minst i kvarandre. Og det skal vi gjere denne kvelden. Vi skal høyre nydeleg musikk, og vi skal tenne lys. Lyset minner oss om håpet, om at det alltid finst lys i dei mørkaste dagane.


Du skal få møte Ada Sofie Austegaard. Ho mista dottera si i dei grufulle drapa i Baneheia i 2000. Etterpå starta ho Stine Sofie Stiftelse. Kvar dag jobbar ho med å gjere Noreg og verda til ein betre stad.
Ho ynskjer å gje motivasjon til å sjå framover.

Pastor Erhard Hermansen skal snakke om "Korleis vere medmenneske i ein vanskeleg kvardag"

Linn Therese Sævik vil leie oss gjennom kvelden og Elise Nærø vil synge til oss. Med seg har ho nokre av elevane sine som har danna elevkor. Kvelden blir fletta saman med nydeleg musikk leia av Vegard Voldsund med band.