SHOW IT
Ei annleis gudsteneste

Av: Administrator
06/02-2013

Søndag var det avspark for den nye familiegusdteneste serien som skal gå i Frikyrkja utover våren. Det starta med eit filmklipp frå supermann filmen, dei som ikkje har sett på scenedekorasjonane at dette vert ei annleis gudstenete, forstår det i alle fall no.


Camilla Storøy Hermannsen leda Show It.

Dekorasjonane på podiet er tillaga som eit kjemisk laboratorium, men først mot slutten av gudstenesta vært dette brukt til noko anna enn pynt. Professor Darwinius blandar eddik, konditorfarge og zalo med natron for å lage skumfontene. Barna i salen sit med store auge for å sjå kvar som skjer, dette har dei ikkje sett i kyrkja før.


Professor Darwinius gjer kjemiske eksperiment.

Temaet for dagens gudsteneste er ”Mot” og dagens bibelske person er Peter eller var det Simon Peter, vi vert oppfordar til å lese i Beibelen og finne ut av namnet.

Peter var ein modig kar, men om natta ved leirbålet nekta han tre gongar for at han kjende Jesus. Detta vart vist med skuespel, både vaksne og barn var med og spela, og dei gav godt liv til bibelhistoria.


Forsongarteamet og litt av scenedekorasjonane.

Temaet mot vart også illustrert ved bruk av film, familia Byberg i Stvanger møter dagledagse problem, og viser at det er muleg å få ein ny sjanse til å være modige. Ungdommane synest det var lett å kjenne seg igjen i situasjonane.

Show it er ei feiering for heile familia. Det vert brukt mange spanande element for å illustrere temaet og opplegget fenger både barn og vaksne. Neste Show It gudsteneste vert 17. mars.

Tekst og foto: Jan Magne Goksøyr