Julefesten 5. juledag, 2012

Av: Administrator
08/01-2013

Den tradisjonsrike julefesten 5. juledag var fylt med mykje flott song og musikk, til stor glede for dei som kom.


Dag Johan Flattun og Lise Chapman opna julefesten med vakker piano- og fløytemusikk.

Dag Johan Flattun og Lise Chapman opna julefesten med vakker piano- og fløytemusikk. Festleiar Ester Stephan ønskte velkommen med historia «To byar».

Tross mykje sjukdom blant folk flest, hadde eit 100 tal menneske funne vegen til kyrkja denne desemberkvelden. Lise og Dag Johan lot oss få høyre meir flott musikk frå flygel og tverrfløyte. Sebastian Frøystad Kvalsvik gav oss ei flott musikalsk oppleving på flygelet. Flott var det også å høyre Ragnar Ørstavik synge og spele gitar. Ester las stykket: «Små bål» – Vi kan alle vere med å lyse opp i kvardagen for kvarandre. Erhard Hermansen delte tankevekkande ord for kvelden med oss. Lise og Dag Johan leidde også festdeltakarane i allsong, og vidare i gangen rundt juletréet.




Kvelden vart avslutta med gode kaker og smørbrød, og hyggeleg prat kring borda på kykjetorget. Ruth Iris Espeseth og Norunn Igesund stod for den gode serveringa av kaffi, og presenterte eit innbydande matbord. Stor takk til alle som tok med kaker og smørbrød! Vi som deltok kan sjå tilbake på ein triveleg givande julefest.

Helsing Den vesle komiteen 2012,
Trond Espeseth og Ester Stephan.