Vellukka HalloVenn i Herøyhallen!

Av: Administrator
07/11-2012

225 flotte utkledde born storkosa seg med aktivitetar, klovnen Fix og 25 kg godteri i Herøyhallen på HalloVenn-arrangementet onsdag ettermiddag. Den Norske Kyrkja i Herøy og Herøy Frikyrkja samarbeida i år om dette alternativet til Halloween, som arrangerast over på mange plassar over heile landet.


Frikyrkja hadde eit vellukka arrangement i den nye kyrkja i fjor, så i år satsa ein enda større ved å leige Herøyhallen. Med foreldre og ansatte på plass frå begge kyrkjene var det aktivitetar som stolleiken, fotball, balansering, boksekast og danseleik i 2 fulle timar. På kvar plass fekk deltagarane godteri etter utført aktivitet, og dei kunne gjere så mange aktivitetar så mange gangar dei ville. Alle fekk også ein ballongfigur av Klovnen Fix og vi avrunda med eit trylleshow. Alle syntes å vere fornøgde så det blir nok HalloVenn i Herøyhallen neste år også.