”Egypts svar på Moder Teresa” besøkte Herøy

Av: Administrator
03/11-2012

Den siste veka har Magda Gobran, eller ”Mamma Maggie” som ho gjerne vert kalla, reist rundt i Sør-Noreg saman med Stefanusalliansen (tidlegare Norsk Misjon i Øst). Dei har besøkt ulike kyrkjelydar, og denne søndagen hadde dei lagt turen til Herøy for å delta i gudstenesta i Herøy Frikyrkje. (Tekst/foto: Vestlandsnytt)


Mamma Maggie vert gjerne kalla ”Egypts svar på Moder Teresa” og har gjort ein kjempeinnsats mellom dei fattige i landet.

Pastor Erhard Hermansen gledde seg stort over besøket og ynskte gjestane hjarteleg velkomne.

– Eg har tidlegare møtt Mamma Maggie på ein konferanse, og det var heilt tydleg at ho rørte svært mange. Ho har også vore nominert til Nobels Fredspris fleire gonger for sitt arbeid mellom dei fattige i Egypt, seinast i år. Det hadde vore veldig flott om eit slikt arbeid kunne lønast med fredsprisen, seier Hermansen.


Det var også barnedåp denne søndagen. Her vert søskenbarna Matheo Østraat og Henrik Leine borne til dåpen. Stolte foreldre var Sigrid og Steinar Østraat og Elina og Tor Arne Leine.

Også den kjende salmediktaren Eyvind Skeie var med i reisefylgjet. Han held på å skrive ein biografi om Mamma Maggie og kunne fortelje litt om livet hennar.

– Magda Gobran vaks opp i ei velståande kristen familie i Egypt, og ho vart tidleg introdusert til hjelpearbeid. Som ung fekk tanta hennar, Mathilda, eit kall til å verte nonne. Familien ynskte ikkje å sende henne i kloster, og bygde difor ei eiga leilegheit til henne der ho kunne leve som nonne. Leilegheita vart fort ein viktig kristen base, og fattige folk strøymde til for å få hjelp. Tanta døydde dessverre tidleg, og dei fattige vart ståande utan hjelp. Dette vart avgjerande for Magda Gobran, og ho forlét overklasselivet for å hjelpe dei fattige, fortel Skeie.

Resultatet vart organisasjonen Stefanusbarna. Mamma Maggie har i dag nærare 1500 medarbeidarar, og praktisk og andeleg støtte står sentralt i arbeidet deira. Dei arbeider hovudsakleg mellom koptarane i Egypt, og dei har eit nært samarbeid med Stefanusalliansen i Noreg.


Barnekora Baluba og Lisje-Frikk underheldt med flott song.

Stefanusalliansen arbeider særleg for menneske som vert forfylgde grunna manglande trusfridom, og med å hjelpe og støtte kyrkjer, grupper, familiar og einskildpersonar som er i ein vanskeleg situasjon. Stefanusalliansen har ikkje eigne misjonærar, men støttar i staden lokale samarbeidspartnarar. Arbeidet er retta mot muslimske land og land i aust som er eller har vore kommunistiske. Namnet har dei henta frå Bibelen. Stefanus vert rekna som den fyrste kristne martyren, og ein kan lese forteljinga om han i Apostelgjerningane. Bjørn A. Wegge er generalsekretær i stiftinga, og også han var med til Herøy.


Hovudsalen var heilt fullsett, og ein måtte ta i bruk kyrkjetorget også.

Tankevekkjande tale
Mamma Maggie heldt talen denne søndagen, og ho fortalde om livet sitt og arbeidet på søppelfyllinga i Kairo.

– For 25 år sidan tok Gud meg med på ei lang reise. Fyrste etappe var å verkeleg sjå fattigdommen. Eg innsåg at eg kunne vore ein av dei fattige, ein vel ikkje kvar ein vert fødd og kvar ein bur. Deretter bad Gud meg om å lese Bibelen frå perm til perm for å få betre forståing og innsikt. Etter dette gjekk eg inn i ei fase som hjelpte meg til å kjenne og forstå både meg sjølv og Gud den allmektige, fortel Gobran.

På denne tida underviste ho ved det amerikanske universitetet i Kairo. Dette var eit prestisjetungt universitet med svært dyktige studentar. Ho treivst godt i arbeidet, men livet hennar fekk ei ny vending.

– Det fjerde steget på reisa var å slutte med undervising og i staden vie livet mitt til arbeidet mellom dei fattige. For meg var ikkje dette noko offer, tvert om. I desse borna ser eg Jesus. Eg ser Jesu smil, og rører ein ved borna rører ein ved Jesus. Når ein klemmer borna kjenner ein Guds kjærlege hjarteslag for alle menneske.


Mamma Maggie talte med Bjørn A. Wegge som oversetjar.

Éi oppleving rørte meg særleg sterkt. Eg såg at der var ei jente som var så skita at ho vart utestengd frå leiken. Eg spurde om ho ville at eg skulle vaske henne, noko ho takka ja til. Då eg skulle vaske hendene hennar, såg eg at ho meinheldt på noko, og eg spurde om ho ville leggje det frå seg medan eg vaska henne. Ho gjekk med på å leggje det i lomma si. Eg spurde henne kva ho hadde som var så viktig for henne, og ho fortalde at det var den appelsinen ho hadde fått av oss tidlegare på dagen. Eg spurde henne om ho ikkje likte appelsin, og om ho heller ville ha noko anna. Å nei, ho likte det veldig godt, men ho ville ta han med heim til broren som aldri hadde smakt det. For meg vart denne jenta så vakker på alle måtar, og ho viste meg at Skaparen er skjult mellom dei fattige, seier Gobran.

Ho kjende dette arbeidet som svært meiningsfullt, og ved eit høve lurte ho på om alle menneske kunne oppnå den same nære kontakta med Gud.

– Gud lét meg forstå at alle kan få del i dette. Gud openberrar seg for alle som ynskjer det, men ein må gå inn for det sjølv. Ein må ta avskjed med den materielle verda og gå inn i den andelege. Ein må finne ro, slik at ein kan høyre si eiga stemme. Deretter må ein vere stille slik at ein høyrer sine eigne tankar. Ein må vidare leggje vekk tankane slik at ein kan lytte til hjarta. Etter dette må ein stengje for hjarta og høyre på sjela. Når ein greier å stengje av for sjela kan ein rette merksemda mot den Heilage Ande. Dette krev trening, men det er fullt mogleg, hevda Gobran.

Mamma Maggie meiner at bibellesing er svært sentralt i prosessen med å kome nærare Gud, og ho oppmoda folk på det sterkaste om å lese flittig i Bibelen, helst kvar dag.

– Mor mi las gjennom Bibelen kvart år. Dette starta ho med då hå var 15 år gamal, og ho las han igjen og igjen. Ho sa ikkje til oss at vi skulle gjere det same, men ho vart eit tydeleg føredøme. Ynskjer ein å gi det verkelege livet vidare til neste generasjon må ein begynne med seg sjølv. Les Bibelen frå perm til perm! Gjer dette til ei plikt og ei vane, oppmoda Gobran.


Torill Myren og Jørgen Waage spelte og song.

Eit imponerande arbeid
Bjørn A. Wegge fortalde at han og Eyvind Skeie møtte Mamma Maggie i 2005. Dette gjorde eit sterkt inntrykk.

– Etter dette har vi møtt henne fleire gonger, og vi har forstått at dette er noko spesielt. Arbeidet hennar mellom koptarane strekkjer seg vidt, og femner mellom anna barnehagar, skular, helsestasjon og ymse opplæring. Ho og medarbeidarane hennar når ut til nærare 300 000 menneske. Kring 600 av medarbeidarane deltek i eit besøksprogram, og på denne måten får omlag 13 000 familiar jamleg heimebesøk. I tillegg er misjonering ein sentral del av arbeidet. Koptarane er i utgangspunktet kristne, men dei lever i eit område der islam er den rådande trusretninga. Difor er evangeliseringa ein svært viktig del av arbeidet, seier Wegge.


Også Wegge og Skeie bidrog med song og musikk.

Også Per Sævik er imponert over det arbeidet Magda Gobran og medhjelparane hennar gjer for dei fattige koptarane. Ifylgje Wegge var Sævik si interesse for arbeidet ei av årsakene til at dei la besøket nettopp til Herøy Frikyrkje.

– I 2008 var Liv og eg i Egypt, og vi besøkte mellom anna Mamma Maggie. Møtet med dette arbeidet gjer noko med oss alle. Ein er ikkje den same etter å ha sett dette på nært hald, og ein får eit engasjement som varer livet ut. Dei gjer eit utruleg viktig arbeid, og Gobran er eit fantastisk menneske å verte kjend med. Eg har stor respekt for den audmjuke haldninga ho viser i arbeidet. I vår tid er det heller ikkje ei sjølvfylgje å kunne drive eit så stort prosjekt og samstundes ha eit så klart fokus på evangelisering. For å kunne drive arbeidet, er mellom anna samarbeidet med Stefanusalliansen viktig. Noreg er ikkje eit uvesentleg bistandsland, og Stefanusalliansen bidreg til å rette søkjelys på dette arbeidet, fortel Sævik.


Koptarane har ein lang tradisjon med å tatovere eit lite kross på handa. Ved hjelp av sprittusj teikna Mamma Maggie slike kross på den som ynskte det. Her er det Sakorn Frøystad og sonen Arthur som får påteikna kross. Dette var svært populært, og køa var lang.

Besøket frå Egypt var svært populært, og gudstenesta varte i nærare tre timar. Kyrkja var heilt full, og folk stod i lange køar for å få helse på Mamma Maggie. Dette var tydleg eit populært møte som appellerte til både store og små, og det vert nok ei hending folk seint vil gløyme.


Mamma Maggie saman med gode venar og medhjelparar frå Noreg og Egypt. Frå venstre: Bjørn A. Wegge, Christine Henein, Eyvind Skeie, Magda Gobran, Per Sævik, Erhard Hermansen og Emad Beshay. Ikonet som Hermansen held var ei gåve til kyrkjelyden frå Stefanusalliansen.