Entreprenørskap og samfunnsansvar i Hauge si ånd

Av: Administrator
06/10-2012

Fredag 12.oktober vert det Hans Nielsen Hauge-seminar i Herøy frikyrkje. Hit kjem mellom anna Henrik Syse, Nina Karin Monsen og Leif Frode Onarheim


I fjor samla Hauge seminaret fullt hus og komiteen vonar det same skjer i år. Dei har samla ei rekke interessante og kunnskapsrike kapasitetar som Henrik Syse (bildet), Nina Karin Monsen og Leif Frode Onarheim.

Fleire store kapasitetar vert med

Komitèen for Hauge seminaret med Per Sævik i spissen ynskjer på dette seminaret å setje søkjelyset på etikk og samfunnsutvikling med Hauge-arven som perspektiv.

Interessante og kunnskapsrike kapasitetar vert med på Hauge-kvelden. Tidlegare næringslivsleiar og politikar, Leif Frode Onarheim vert med. Han har fått ei rekkje prisar, mellom anna er han ridder av 1. klasse av St. Olavs orden. I 2008 vart han tildelt Daglegvareprisen for utviklinga av Pizza Grandiosa. Foredraget han skal halde har denne tittelen. “Er sjefen alltid den rollemodellen vi ønskjer oss?” Onarheim har vore president i næringslivets hovudorganisasjon. Han var stortingsmann frå 2001 til 2005. Han var saksordførar for den store utbygginga av Snevitfeltet.

Henrik Syse, son til tidlegare statsminister Syse,er filosof, forfattar og forskar i Prio (institutt for fredsforsking). Han skal snakke om måtehald i grådighetens tid. I foredraga sine koblar han klassiske og filosofiske resonnement omkring moral og etikk til hendingar som berører oss alle i moderne tid, slik som i siste åras finanskrise og krigen i Irak Med humoer og varme engasjerer Henrik Syse tilhøyrarane.

“Frå humanisme til kristen tru” har Nina Karin Monsen sett på sitt foredrag. Ei kunnskapsrik og samfunnsengasjert dame som har skrive ei rekkje fagbøker og skjønnlitteratur- bøker I 2009 fekk ho Fritt ord-prisen.

Elise Nærø som er kjend som utøvande songar og songpedagog vert og med denne kvelden.

Liv og gjerning

Hans Nielsen Hauge var fødd 3. april 1771 i Tune prestegjeld i Østfold. Han døyddde 29. mars 1824, berre 53 år gammal. Livet hans fall saman med ein tidsepoke i Noreg som var full av liding, krig, naud og store endringar – ein tilstand som og samsvarar med hans eige livsløp. Han var fødd som ein person med lågstatus i det dansk-norske monarkiet. Han døde som ein respektert person i mellomklassen i eit nytt Noreg. Tihengarane hans vart kalla Haugianarar, og dei var dyktige bønder, handverkarar og kjøpmenn som kom til å spele ei viktig rolle i oppbygginga av det norske samfunnet etter 1814.

Hauge reiste rundt i landet som lekpredikant, etablerte venesamfunn over heile landet, skreiv religiøse bøker, grunnla og dreiv ymse verksemder. Han var nevenyttig, gløgg og initiativrik. Barne-og ungdomen hans var sterkt prega av pietismen som rådde i den norske kyrkja. Konventikkelplakaten frå 1741 forbaud lekfolk å forkynne Guds ord. Hauge sine brot på denne, sende han i fengsel fleire gongar.Dei mange opphalda bak murane var med på å bryte han ned helsemesssig.

Hauge lærde også at kvinner og menn er likestilte. Han oppmuntra menn til å gjere husarbeid, og kvinner til å arbeide på garden. Dette var revolusjonære tankar for si tid, og ikkje alle tok det alvorleg. Påverknaden frå haugerørsla på det norske folket, førde til at det voks fram ein nasjonal identitet og ei samlande samfunnsånd, som skulle bli grunnleggjande for den norske fridomsrørsla. Tida har vist at idèane og prinsippa som Hauge gjekk inn for både i kristendomssynet og forretningsdrifta hans, var tidlause og universielle. Også i dag kan det vere klokt i å følgje dei idèane og prinsippa som han stod for. Hans Nielsen Hauge har sett djupe spor etter seg i fedrelandet si soge

Gler seg til arrangementet

Komiteen med Per Sævik i spissen gler han seg til arrangementet. - Ja, eg ser fram til å hylle denne viktige mannen som har skapt så mykje positiv historie i landet vårt. Han var ein stor gründer, føregangsmann og eit viktig rollebilete heilt fram til vår samtid, smiler Sævik. - Arven frå Hauge er absolutt tidsaktuell, legg Per Sævik ivrig til.