kyrkjelydsweekend på Orreneset

Av: Administrator
05/07-2012

Tradisjonen tru ønsker vi alle velkomen til kyrkjelydsweekend på Orreneset siste helga i august. Det er kyrkjelyden sine pastorar Erhard Hermansen og Geir M. Lande som talar og her blir det rikeleg med tid til leik og aktivitetar, god mat og godt fellesskap.


Idylliske Orreneset ligg fantastisk til ved Nysætervatnet i den vakre sunnmørske fjellheimen, og er eit flott og brukarvennleg senter med mulegheiter for kanoturar, fjellturar, fotball, eller berre slappe av med god prat og godt fellesskap.

kyrkjelydsweekend er den perfekte start på det nye semesteret og det er for alle. På programmet står leikar og aktivitetar, bibeltime, barnemøte og familiegudsteneste, god mat og godt fellesskap.

Praktisk informasjon:

Tidspunkt:
24.-26. august 2012

Pris:
Vaksne over 18 år 800
13 – 17 år 760
8 – 12 år 700
5 – 7 år 500
0 – 4 år gratis
Makspris pr. familie 2800

Påmelding:
Telefon: 70087800
Epost: post@frikyrkja.net