Hundre år med Herøy Frikyrkje

Av: Administrator
03/07-2012

Rett før helga kom boka som oppsummerer 100 år med Herøy Frikyrkje. Barnekora Lisje-Frik og Baluba har fått framsida. (Tekst/Foto: Hege Normann, Vestlandsnytt)


Trond Espeseth og Erhard Hermansen med den nye jubileumsboka til Herøy Frikyrkje.

– Vi ønskjer å ha eit stort rom for barn og unge, og har gitt barnekora våre heidersplassen på framsida, seier frikyrkjepastor Erhard Hermansen.
Starten på boka er også vigd barne- og ungdomsarbeidet i kyrkjelyden, det same er slutten.
– Det er jo dei som skal bere meiningheita framover, seier Hermansen, som har site i redaksjonskomité saman med Trond Espeseth, Torill Myren, Arnhild Giske Runde, Liv Tjervåg Runde og Liv Kruse Sævik.
Hundrevis av barn og vaksne er innom kyrkjedørene kvar veke, og dei 410 medlemane gir mellom anna tilbakemelding om at kyrkja er ein god stad å vere familie. Med boka ønskjer komiteen å fortelje om aktivitetene og om menneska i kyrkja og kva håp og tankar ein har for framtida.

Kjenner du deg igjen?
Det er rikeleg med bilder i boka, så mang ein person kan kjenne seg att.
Medlemer med angoragenserar og høgt hår frå 80-talet. Yndige songarar med barnekinn. Bilde som kan få ein til å mimre og lure på kven no dette kan vere.
Det er også eit intervju med Frikyrkja sitt eldste medlem, Olaug Torvik. Ho fortel om felleskapen i foreininga og om å halde seg «varm».
«Når ein kjem i lag og les Ordet og ber i lag, så held ein seg varm», seier Torvik mellom anna i intervjuet i boka.
Fleire personar er intervjua om sitt forhold til Frikyrkja, og TV2-reportar Trude Teige seier mellom anna dette om kyrkja:
«Ho er ein del av den gode, trygge oppveksten, der det var fire hjøresteinar i livet mitt: Familien, idretten, bedehuset og Frikyrkja».
Ordførar Arnulf Goksøyr kallar åra som medlem av juniorkoret i Frikyrkja som ein «ballast som vil følgje livet ut».
Frikyrkja har heilt klart prega herøysamfunnet, som altså starta i det små i 1912.

Historisk dokument
18 personar samla seg i huset til Abel og Amalie Nærø på Nærøya for 100 år sidan for å skipe den første frikyrkjelege kyrkjelyden i Herøy. Heimen deira var sentrum og stasjon for verksemda dei første åra, før den første kyrkja vart bygd i 1916. Seinare har det blitt tre kyrkjebygg, det siste stod ferdig i fjor.
Historia til Herøy Frikyrkje er i boka kort oppsummert dei første 75 åra.
– I samband med 75-årsjubiléet kom det nemleg ut eit jubiléumsskrift som grundig tok for seg historia til Frikyrkja. Redaksjonskomiteen valde derfor å ha meir fokus på dei siste 25 åra i den nye boka, forklarar Hermansen, som saman med barne- og ungdomspastor Geir Lande nyttar høvet til å rose lay out-arbeidet til Trond Espeseth i boka.

Fisk som symbol
– Heile boka er eit dugnadsprosjekt og hadde det ikkje vore for Trond som har lagt ned hundrevis av timar så hadde det ikkje blitt så bra. Det er vi svært takksame for, seier Lande og Hermansen.
Espeseth har teke utgangspunkt i symbolet «Ichtys», fisken som dei første kristne nytta som symbol. På gresk er ordet ichtys sett saman av dei første bokstavane i setninga «Jesus Kristus Guds Son og Frelsar. Symbolet har Espeseth brukt som bakgrunnsillustrasjon og for å markere overgangar i boka. Alle sidene er også delte inn i tidslinjer, der dei viktigaste hendingane i Frikyrkja er tekne med.
Alle medlemshustandar har fått boka, og den er også i sal på Libris i Fosnavåg.
– I tillegg til å vere eit historisk dokument, er det ei veldig fin bok med god, og oppbyggeleg lesnad, seier Hermansen.