Jubileumsfeiringa held fram!

Av: Administrator
21/06-2012

Sjølv om vi har bak oss heilt fantastiske dagar med eldretreff, ei fullsett kyrkje under jubileumskonserten og ein storstilt bursdagsfest for små og store der søstrene Emeline og Sunniva deltok med konsert gjenstår det ein heil del, seier pastor Erhard Hermansen.


Lisje-Frik og Baluba

I kveld inviterer kyrkjelyden til fest for sine medlemmar og medarbeidarar og så fortsetter feiringa med spennande arrangement.

Pastortime

- Noko vi er spent på er det vi har kalla ”pastortimen” seier Hermansen. Pastortimen er ein annleis bibeltime, der kyrkjelyden sine noverande og tidlegare pastorar går saman. Det skal ikkje vare i meir enn en time, noko som betyr at vi har ti minutt kvar. Kyrkjelyden som gjennom sin 100 årige historie har hatt ti pastorar skal få møte Egil Kraglund, Thorvald Hartviksen, Erling Berntsen Stølevik, Eldar Skeide, Geir M. Lande og Erhard Hermansen under pastortimen.


F.v. Erhard Hermansen, Thorvald Hartviksen, Eldar Skeide, Erling Berntsen Stølevik, Geir M. Lande og Egil Kraglund

Diakonrådet i kyrkjelyden inviterer samtidig til opa kyrkje og kaffé, så har du lyst på ein kopp kaffi og noko i bite i er det berre å ta turen innom, seier pastor Erhard Hermansen.

Storstilt avslutning

Søndag ønskjer Frikyrkja alle hjarteleg velkomen til ei storstilt jubileumsgudsteneste. - Vår kyrkjelyd er rike på song og musikk og i gudstenesta kan du får høyre ”Frikyrkjekoret” som gjenoppstår i høve jubiléet, Lisje-Frik og Baluba og Herøy Gospelkor.

Synodeformann Arnfinn Løyning som er øvste leiar i Frikyrkja kjem frå Oslo og held dagens preike. I gudstenesta deltek og tidlegare pastorar og det heile vert avslutta med ei stor jubileumskyrkjekaffi.


synodeformann Arnfinn Løyning.