Storfamiliegudstjeneste på allmeningskaia

Av: Administrator
20/06-2012

Søndagen denne helga slo kyrkjelydane i kommuna seg saman og arrangerte storfamiliegudstjeneste og baregospeltreff. I samarbeid med team Sulebakk og Maritime Sommardagar vart det ei minnerik familiestund ytst i havgapet. (Tekst/Foto: Jørgen Kopperstad, Vestlandsnytt)


Godt frammøte.

Barnegospeltreff

Laurdag var born i alle aldrar samla i frikyrkja på barnegospeltreff saman med den kjende relegiøse songargruppa Team Sulebakk. Fleire titals born fekk ei musikalsk oppleving med positive instruktørar og sosialt samvær.


Barnegospelkoret vart engasjerte av sine pådrivande leiarar frå songargruppa Team Sulebakk.

Team Sulebakk er ei syngjande familie frå Frekkhaug utanfor Bergen. Saman gav dei i 2006 ut sin første cd, og har sidan det gitt ut ein haug med dvd’ar og endå fleire cd’ar. Dei er kjende over heile landet for sin måte å formidle glede o kjærleik. Det lyste frå Herøyborna på søndag, barnegospeltreffet var utan tvil ein suksess.


Team Sulebakk og barnegospelkoret.

Godt samarbeid

I kommuna vår kan vi vere stolte av å kunne drive tre store menigheiter. Statskyrkja, Frikyrkja og Sion. Dei absolutt fleste av innbyggjarane i kommuna er medlemmar hjå ei av desse, og derfor er det naturleg at dei også skal få sin plass på ein slik festival.


Geir Myksvoll Lande heldt ei engasjerande andakt.

Maritim sommarfestival er aktivt med og støtter storfamiliegudstenestene som vert arrangerte kvart år, slik at menigheitene kan invitere gjestar til Fosnavåg. Anton Heggvik kunne etter gudstenesta fortelje at det for dei ansatte i kyrkjelydane er det svært fint å kunne gjere eit slik samarbeid. Dermed vert denne gudstenesta ein kombinasjon av dei vanlege gudstenestene i alle dei tre menigheitene og dermed noko heilt unikt.


Lovsongsteamet

På scena bytta dei tre menigheitene på å ha ordet, delvis tala dei saman. Heilt til slutt var ein representant frå kvar menigheit samla på scena, hand i hand, for å lyse velsignelsen over tilhøyrarane! Eit flott syn.

Variasjon for ein sommarfestival

Maritime Sommardagar kan i teorien ikkje beskrivast. Medan dei fleste andre festivalar kan kallast festar, musikalske begivenheiter, møter eller liknande, er Fosnavågfestivalen ein kombinasjon av det meste. Dette gjer den til noko heilt spesielt! Dersom ein set seg ned og les gjennom programmet, vil ein fort forstå at arrangøren har gjort si flid i å arrangere ein festival for alle.

Det å avslutte ein slik festival med ei storfamiliegudstjeneste, gjer for mange festivalen til noko heilt spesielt. Mest truleg vil mange av tilhøyrarane komme attende dei komande åra, ein slik festival høyrer Vestlandet til!


SÅPEBOBLER


Lange køer ved kyrkjekaffien i etterkant av gudstjenesta.