Klar for jubileumsfeiring!

Av: Administrator
19/06-2012

- Vi gler oss til ei innhaldsrik uke når vi nå skal feire at kyrkjelyden er 100 år, seier hovudpastor Erhard Hermansen i Herøy Frikyrkje om programmet for jubileumsveka.

Ein jubileumskomite har arbeid for å tilby eit program som skal passe for små og store. - Alt denne veka er gratis og vi vonar mange vil kome og feire i lag med oss, seier pastor Hermansen


Rune Larsen kjend frå TV og konsertar deltek på jubileumskonserten.


Hovedpastor Erhard Hermansen gler seg til ei innhaldsrik veke med program for små og store.

Misjonskveld i Herøy Frikyrkje

Herøy Frikyrkje innleier si jubileumsveke med eit globalt fokus. Frikyrkja i om lag 100 år drive med misjonsarbeid. - Frikyrkja sitt misjonsarbeid har ei satsing overfor folkegrupper som ikkje har høyrt evangeliet. Arbeidet er mest retta mot evangelisering og langsiktig kyrkjelydsbyggande arbeid. Målet er å fremme Guds rike ved å danne sjølvstendige kyrkjelydar som veks og saman med våre partnarar bidra med å forbetre levevilkår gjennom diakonalt arbeid og bistandsprosjekt, seier Hermansen.

Katie Møgster som har arbeid som misjonær i Mali vil halda kveldens tale og under kvelden vil ein og få oppdatert informasjon om Frikyrkja sitt misjonsarbeid.

Eit historisk tilbakeblikk på misjonsarbeidet vert det og når kyrkjelyden sett opp eit lite skodespel for å illustrere misjonsiveren i tidlegare tider.

Det vert song av Erling Berntsen Stølevik og Thorvald Hartviksen som begge er tidlegare pastorar i kyrkjelyden, samt Kvalsund jentene, ei herleg gruppe med unge jenter ifrå Kvalsund. Vi skal og få høyre Micheline Kabemba synge på swahili.


Tidlegare pastor i Frikyrkja, Thorvald Hartviksen, deltek med tale og song under jubileumsveka.


Tidlegare pastor i Frikyrkja, Erling Berntsen Stølevik, deltek med tale og song under jubileumsveka.

På misjonskvelden vert det høve til å gje ei gåve til Frikyrkja sitt misjonsarbeid.

Eldretreff

Onsdag føremiddag førebur Herøy Frikyrkje eit storstilt feiring for alle eldre. Her vert det tale av tidlegare pastor Erling Berntsen Stølevik. Han vil og synge saman med ein annan av dei tidlegare pastorane, Thorvald Hartviksen. Elsa Svoren har leita fram trekkspelet og får hjelp av eit par staute karar. Anne Grete Stølevik deltek med song og diktlesing og det vert nokre spennande historiske glimt.

Og sjølvsagt vert det god mat. - Vi skal ha både varm mat og kaffimat, seier pastor Erhard Hermansen

Jubileumskonsert

Eit av mange høgdepunkt når Herøy Frikyrkje feirar sitt 100 års jubileum vert jubileumskonserten med lokale og nasjonale artistar.

Rune Larsen, kjend frå ein rekkje TV program og konsertar kjem og vil synge både åleine og saman med Tolvtetten, som i fjor feira sitt 20 års jubileum og er eit kor som syng alt frå salmar og viser, til jazz og pop.


På jubileumskonserten onsdag kan du mellom anna høyre Sirene, Tolvtetten og Herøy Gospelkor.

Damekoret Sirene har dei seinare åra delteke på fleire konkurransar både nasjonalt og på internasjonalt nivå og har oppnådd gode plasseringar.


På jubileumskonserten onsdag kan du mellom anna høyre Sirene, Tolvtetten og Herøy Gospelkor.

Koret har vore mykje engasjert i konsertsamanheng, som underhaldar for det lokale næringsliv og på ulike kulturarrangement. Dei har utvikla eit breitt repertoar som spenner frå rein profan underhaldningsmusikk til klassisk samtidsmusikk og eldre klassisk musikk.

- Eg gler meg til å få høyre masse god song og musikk, og til sjølv å få delta saman med Tolvtetten og i duett med Elise Nærø, fortel pastor Erhard Hermansen, som også kan fortelje om artistar som Herøy Gospelkor, Bjørn Holum, Even Sævik, Catrina Sofie Leine og fleire.

Thorvald Hartviksen som var pastor i kyrkjelyden på slutten av -60 talet og starten på -70 talet vil halda kveldens andakt, men det vert og små intervjuar.

- Konserten er heilt gratis og vi vonar at kyrkja vert heilt fullsett denne kvelden, seier pastor Hermansen

Bursdagsfest for små og store

Torsdag inviterer Herøy Frikyrkje til eit skikkeleg uteselskap med kjekke aktivitetar og leikar, mat og konsert. Hit kan du ta turen rett frå arbeid, for her vert det delt ut gratis pølser, hamburgere og is!

Barne- og ungdomspastor Geir M. Lande fortel at søstrene Emeline og Sunniva kjem heilt frå Grimstad og held konsert i høve 100-årsdagen!


Barne- og ungdomspastor Geir M. Lande innbyd til bursdagsfest for små og store i parken på torsdag. På bursdagsfesten torsdag vert det konsert med Emeline og Sunniva.

Emeline og Sunniva er to søstrer på 13 og 15 år som har gitt ut 4 CD’ar som solgte over alle forventingar. Det synes dei er kjempegøy. Dei bur i Grimstad og koser seg mykje med vener og eit fin stad å bu.


Emeline og Sunniva.

Konserten avsluttar uteselskapet og er som alt anna i jubileumsveka heilt gratis! - Før konserten vert det forskjellige leikar rundt omkring i parken, leikar og aktivitetar som passar for både store og små, fortel barne- og ungdomspastoren, som legg til at skulle det verte dårleg vær vil vi trekke inn i kyrkja.

Pastortime og jubileumsgudsteneste

Fredag inviterer kyrkjelyden til kyrkjelydsfest med eit spennande og variert program og laurdag inviterer dei til ein annleis bibeltime. - Alle dei tidlegare pastorane vil gå saman om ei kreativ bibeltime. Vi har kalla det ein pastortime og eg er svært spent på korleis dette vert, seier Hermansen

Søndag vert jubileet avslutta med ei storstilt jubileumsgudsteneste. Frikyrkja sin øvste leiar, synodeformann Arnfinn Løyning held preika og kyrkjelyden sine kor, Lisje-Frik, Baluba, Herøy Gospelkor og Frikyrkjekoret deltek. Feststunda vert avslutta med stor kyrkjekaffi og Jan Olav Voldsund som er kokkeelev på Herøy Videregåande skule står for jubileumskaka.


Jubileumsveka vert avslutta med ein storstilt jubileumsgudsteneste. Her deltek kyrkjelyden sine kor og og synodeformann Arnfinn Løyning held preika.

Jubileumsbok

Det var 18 personar som var med å skipe kyrkjelyd i 1912. I dag er Herøy Frikyrkje ein mellomstor kyrkjelyd med meir enn 400 medlemmar. I september vigsla kyrkjelyden sitt nye kyrkjebygg, som er det tredje i rekkja.

I løpet av jubileumsveka vert og ei flott ny jubileumsbok lansert. Boka fortel kva Herøy Frikyrkje er og betyr for medlemmene, for alle som går i kyrkja og for lokalsamfunnet. - Det har vi ønskt å gjere gjennom eit stort bildemateriale og møte med menneske, seier pastor Erhard Hermansen.

I løpet av ei innhaldsrik jubileumsveke med arrangement for liten og stor kan du mellom anna møte ei rekke lokale og nasjonale artistar, tidlegare pastorar og to av Frikyrkja sine leiarar (biskopar), synodeformann Arnfinn Løyning og tilsynsmann Leif Erik Nilsen.