Team Sulebakk til Gospeltreff og storfamiliegudsteneste

Av: Administrator
09/06-2012

Barnegospeltreffet har vore stor suksess under Maritim sommarfestival dei siste åra. I år er det TEAM SULEBAKK som kjem til barnegospeltreffet. Dei vert også med på storfamiliegudstenesta på allmenningen søndag.


Team Sulebakk gler seg til barnegospeltreff og storfamiliegudsteneste i Fosnavåg under Maritim Sommarfestival.

Syngande familie
Dei gler seg til å treffe folk i Fosnavåg, og dette fortel dei om seg sjølv at team Sulebakk er ei “syngande” familie frå Frekhaug like utanfor Bergen. Team SULEBAKK består av mamma Barbro og pappa Øystein, Sebastian (16), Bertine (14) Serlina (13) og Bendik (5).

- Vi elskar å synge om det som er TOPPEN AV ALT for oss i livet, og reiser rundt i heile landet med songen, musikken og GLEDA vår, fortel dei.

Team Sulebakk besøker mange ulike kyrkjer, har ofte korseminar, familiemøte, skulekonsertar og deltek på ulike festivalar og arrangement. I 2011 feira dei 5 år og 5 utgjevingar med CD´en "Face it".

- Vi har vår tilknyting til Meland Kyrkje, og er aktive i "Løvegjengen" (søndagsskulen) der. Vi har i gjennomsnitt 2 konserthelgar i månaden året rundt, og synes vi er heldige som kan halde på med det vi gjer! Det er mamma Barbro som lagar dei fleste av songane våre.

Team Sulebakk håpar å sjå deg på barnegospeltreffet i Fosnavåg!

Barnegospeltreff
For fyrste gong vert det i år aldersbestemte grupper under øvinga. Ei gruppe for 5-8 år og ei for dei frå 9 år og oppover. Konserten og barnegospelfestivalen vert i år i Herøy Frikyrkje

Det heile startar laurdag 16. juni kl 13.00 og det kostar 100 kronar å delta, noko som inkluderar t-skjorte og mat.

Du kan melde deg på til: post@frikyrkja.net eller kyrkjekontoret@heroy-kyrkje.no.
Du kan også ringe eller sende ein SMS til 90559371

Konsert med Team SULEBAKK og festivalkoret
Etter nokre timar med øving inviterar Team SULEBAKK og festivalkoret til Konsert kl 17!

Om sommarturneen fortel team Sulebakk

- Sommarens turnè heiter KJÆRLEIK og GLEDE. Vi er heldige som får reise rundt å dele den store GLEDA og den FANTASTISKE bodskapen til born i ”alle” aldrar. Gud elskar meg! Han la planar før eg var til, Han kjenner meg betre enn nokon anna, og Han veit kor mange hår eg har på hovudet… Tenk det! Han vil trøyste meg, Han vil hjelpe og Han vil fylle livet mitt med glede og song. Det er jammen eit FLOTT bodskap å ta med inn i sommaren! Klovnen ”Cdur”, som for fyrste gong skal vere med Team SULEBAKK på tur, er litt tøysete, og finn på mange rare ting.. og så elskar han å leike med borna og høyre om Guds Kjærleik!

Storfamiliegudsteneste på Allmenningen
Søndag 17. juni kl 11 inviterar Herøy Kyrkje, Pinsekyrkja Sion og Herøy Frikyrkje til felles storfamiliegudsteneste på Allmenningen. Barnegospelkoret og Team SULEBAKK vert med.
Det vert ei gudsteneste for heile familien.