Feirar 100 års frikyrkjehistorie

Av: Administrator
05/06-2012

Erhard Hermansen fortel at det låg eit tydeleg kall bak avgjerda om å forlate Arendal til fordel for Herøy for 14 år sidan. No gler pastoren seg til å feire 100-årsjubiléet til Herøy Frikyrkje. (Tekst/foto: Stein Lilleøy, Vestlandsnytt)


Hovudpastor Erhard Hermansen i Herøy Frikyrkje gler seg til å feire kyrkjelyden sitt 100 års jubileum

– Dei fleste trur nok at beslutninga mi om å flytte til Herøy heng saman med at eg møtte og gifta meg med herøyjenta Camilla. Men det var faktisk eit tydeleg kall medan eg budde og arbeidde i Oslo som fekk meg til Herøy i utgangspunktet. Etter ein arbeidsdag der fekk eg veldig klart for meg at «dit skal du», og straks stillinga vart lyst ut så søkte eg. Så eg trur nok der låg ein plan bak, smiler Erhard Hermansen frå ein av dei gode stolane i kyrkjesalen i Herøy Frikyrkje.

Arendalitten har kunne kalla seg herøyværing i 14 år no, 11 av dei som pastor i frikyrkja. Dermed har Hermansen også lengst fartstid av dei ti pastorane menigheita har hatt sidan starten i 1912. Seks av dei tidlegare pastorane lever framleis, og håpet er å få alle seks til å medverke når Herøy Frikyrkje feirar seg sjølv i dagane 19. - 24. juni.

– Det var ein dristig ting dei gjekk i gang med, som for 100 år sidan gjekk saman om å stifte ei frimenigheit i ein kommune der kyrkja stod såpass sterkt som ho gjorde. Historia er vel verdt ei skikkeleg feiring, seier Hermansen.

Tre kyrkjer på same tomt

Herøy Frikyrkje har blomstra gjennom dei 100 åra som har gått. Alt året etter stiftinga var menigheita godt i gang med å planleggje det første kyrkjebygget, og i 1916 stod kyrkja klar på tomta der frikyrkja ligg idag. I 1965 vart kyrkja plukka ned, frakta til Drabløs og sett opp som bedehus der. To år seinare stod eit nytt kyrkjebygg klart. Og i september ifjor vart den tredje kyrkja vigsla.Ei historisk hending som vekte merksemd langt utanfor kommunegrensene.

Vil vere ei sentrumskyrkje

– Vi kunne nok ha valt ei anna tomt denne gongen. Når vi likevel valde å byggje større på same tomta ein gong til, så understrekar det ønskjet vårt om å vere ei sentrumskyrkje og nå ut til så mange som muleg. Aktiviteten i menigheita har stige etter at nybygget vart teke i bruk. Flaggskipet i det viktige barne- og ungdomsarbeidet vi driv er barnekoret som no tel rundt 90 medlemmer, seier Erhard Hermansen stolt.

Det er barna som er framtida

Oppslutnaden for Herøy Frikyrkje har vore jamt stigande sidan dag ein, og den sterkaste veksten har kome i seinare år, kan pastoren fortelje. – Dei siste åra har det kome til mange barnefamilier, og det set vi veldig stor pris på. Det er barna som er framtida, også for kyrkja.

Mange flotte enkeltmenneske

Ei forklaring på straumen av nye medlemer til menigheita er det gode barne- og ungdomsarbeidet Herøy Frikyrkje nesten alltid har drive. Slikt gjer seg ikkje av seg sjølv. Bak suksessen står ei lang rekkje eldsjeler, som det også vert gjort stas på i høve 100-årsjubiléet. – Til jubiléet kjem det ei ny bok om Herøy Frikyrkje. Der har barn og unge fått stor plass, på lik line med sang og musikk,. Boka inneheld også møte med mange flotte enkeltmenneske, seier Erhard Hermansen.