Innhaldsrikt jubileumsprogram

Av: Administrator
31/05-2012

Når Herøy Frikyrkje feirar seg sjølv 19. - 24. juni er målet at veka i størst muleg grad skal gjenspegle det kyrkja representerer i det daglege, med fokus på ulike sider av arbeidet innanfor menigheita. Programmet blir både innhaldsrikt og spennande, lovar pastoren. (Tekst/foto: Stein Lilleøy, Vestlandsnytt)


19.-24. juni feirar Herøy Frikyrkje sitt 100 års jubileum, og jubileumskomiteen kan love eit spennande og variert program. F.v. Petra Skorpen, Vegard Voldsund, Aase Nerem Bø, pastor Erhard Hermansen og Tor Arne Leine

Misjonskveld og eldretreff

Det startar tysdagen med misjonskveld med Mali-misjonær Katie Møgster, Thorvald Hartvigsen og Erling Berntsen Stølevik. – Der tek vi føre oss misjonsverksemda i eit litt meir historisk perspektiv, seier Hermansen.

Onsdagen startar med eldretreff der gjestene kan nyte ei tiveleg stund i selskap med pastor Erhard Hermansen, Thorvald Hartviksen og Erling Berntsen Stølevik. Elles blir det varierte songinnslag og servering av varm mat.

Stor jubileumskonsert

Onsdag er det duka for storstilt jubileumskonsert med sjølvaste Rune Larsen, Siréne, Erhard Hermansen, Tolvtetten, Bjørn Holum. Elise Nærø, Thorvald Hartviksen, Herøy Gospelkor, Even Sævik og Erling Berntsen Stølevik mellom dei som medverkar.

Bursdagsfest i parken

– Torsdag inviterer vi til stor «Bursdagsfest» for små og store i parken, like ved frikyrkja. Der blir det konsert med Emeline og Sunniva og elles medverkar barne- og ungdomspastor Geir M. Lande. Og sjølvsagt blir det pølser og hamburgerar, leikar og moro. I alle fall så sant vêret tillet det, seier pastor Erhard Hermansen.




Opa kyrkje med pastortime

Fredag vert det kyrkjelydsfest for kyrkjelyden sine eigne, men laurdag er alle andre igjen velkomne når det vert arrangert opa kyrkje med kafé. Den økta inkluderer også «Pastortimen» der det vert høve til å møte noverande og tidlegare pastorar i ein litt annleis bibeltime. – Håpet er å få alle dei seks gjenlevande tidlegare pastorane til å bidra. Det burde dermed bli ei inspirerande stund seier Hermansen.

Gjensyn med Frikyrkjekoret

Søndag er det jubileumsgudsteneste, med talar av synodeformann Arnfinn Løyning og pastor Erhard Hermansen. I høve jubiléet har ein blese nytt liv i det gamle Frikyrkjekoret, som bidreg musikalsk saman med «Herøy Gospelkor», «Lisje-Frik og Baluba» og ei blåsargruppe. Også her blir det innslag av tidlegare pastorar, og det heile vert avslutta med ein stor jubileums-kyrkjekaffi, som ein ikkje bør gå glipp av, meiner pastor Erhard Hermansen.

Kyrkjekaffi med jubileumskake

– Kokke-elev Jan Olav Voldsund har fått i oppdrag å bake jubileumskaka, og den gler vi oss veldig til å både sjå og smake på, seier han og ønskjer alle velkomen til Herøy Frikyrkje si 100-årsfeiring dagane 19. -24. Juni.