Ei kyrkje for barn og ungdom!

Av: Administrator
24/05-2012

I ei jubilerande Herøy Frikyrkje møtes meir enn 200 barn og ungdom til ulike aktivitetar.

Herøy Frikyrkje har lenge drevet med mykje forskjellig barne- og ungdomsarbeid. Herøy Kommune er ei spennande kommune å drive slikt arbeid i, det er mange gode aktørar innan kultur og idrett, og vi er glade for at kristent barne- og ungdomsarbeid også har sin naturlege plass i den flotte kommunen vår, seier barne- og ungdomspastor Geir M. Lande.


Vi ønskjer å gje et trygt og meiningsfullt tilbod til barn- og unge i alle aldrar. Med ny kyrkje midt i sentrum i ei levande kommune vonar vi å gjere vårt beste for å få det til i åra som kjem, avsluttar barne- og ungdomspastor Geir M. Lande. Her saman med f.v. Bendik Hermansen, Vilde Kvalsund, Even Sævik, Johanna Østraat og Sigve Hermansen

Med ny kyrkje satsar Herøy Frikyrkje å drive godt barne- og ungdomsarbeid dei neste 100 åra også!

Ein månad før kyrkjelyden skal feire sitt 100-års jubileum spurde vi nokre av barna under kyrkjekaffien etter ei gudsteneste kva dei er med på og kva dei likar med det.

Johanna Østraat er med sine 3 år den yngste som stiller opp, noko ho gjer villig utan følgje av mor eller far. Ho seier ikkje stort i intervjuet, men vi kan fortelje at ho er trufast både i Lisje-Frik og på søndagsskulen.

Sigve Hermansen er med på søndagsskulen i kyrkja, og så spelar han fotball og gitar, og er saman med venner. Han syntes det er kjekt å kome saman med andre til kyrkje og høre om Jesus. Sigve var med på dugnadsarbeidet på den nye kyrkja, og han likar at det kjem mykje folk. Og så gleder han seg til å begynne på gruppa med dei eldste på søndagsskulen til hausten.

Vilde Kvalsund er ei av dei som har begynt på Junior etter nystarten denne våren. Ho er også glad i å synge saman med vennene i Baluba og songgruppa til Elise Nærø. Elles spelar ho både piano og handball.

7.klassingen Even Sævik er ein aktiv ung herremann som er med i Herøy Gospelkor, songgruppa, Junior og på søndagsskule og gudsteneste. Han diggar å synge og stiller ofte opp både i Herøy Frikyrkje og i andre samanhengar. Dessutan liker han godt å spele tromme, og på spørsmål om kva som er kjekkast svarer han begge deler! Han trekker fram det å treffe venner og det å lære meir om Jesus som det kjekke med å være med i Herøy Frikyrkje. Og noko av det som kombinerer dette er dei kjekke kyrkjelydsweekendane som Herøy Frikyrkje har hatt ein del gonger dei siste åra. Der har dei eldste barna og ungdommane ein eiga leir i leiren. Det er noko som også jamgamle Bendik Hermansen likar å vere med på når det skjer. Han gler seg til å begynne i Herøy Gospelkor til hausten, er med på Junior og Guteklubb i tilegg til søndagsskule og gudstenester. Utanom kyrkja er han med på friidrett og spelar gitar.

Begge gutane trivst godt på Junior som er for jenter og gutar i 5.-8. klasse. Der er det aktivitetar som biljard og bordtennis, kiosk og konkurransar. Denne aldersgruppa får ei ekstra bursdagsfeiring i juni, då det blir overnatting i kyrkja med mykje leik og moro

Tilslutt spør vi om kva dei ser for seg om 50 år i Herøy Frikyrkje. Det synest gutane er vanskelig å svare på, men dei vil gjerne ha meir musikk med band, konsertar og meir folk!

Det er Herøy Frikyrkjes ønskje at det skal vere liv i kyrkja gjennom heile veka. Vi ønskjer å gje et trygt og meiningsfullt tilbod til barn- og unge i alle aldrar. Med ny kyrkje midt i sentrum i ei levande kommune vonar vi å gjere vårt beste for å få det til i åra som kjem, avsluttar barne- og ungdomspastor Geir M. Lande.