Stortingsrepresentant Dagfinn Høybråten til Herøy Frikyrkje

Av: Administrator
23/02-2012

Fredag 2. mars inviterer Herøy Frikyrkje til temakveld med stortingsrepresentant Dagfinn Høybråten. Den tidlegare helse- og sosialministeren vil snakke over temaet ”Det de gjorde mot ein av desse mine minste”.


Solidaritet handlar om det faste samhaldet og den sterke tilhørsla. Solidaritet er støtte til dei fattigaste, dei som vert diskriminerte, dei undertrykte og mest utsette. Kampen for dei svake i samfunnet tilhøyrer også kjernen i den kristne tru.

Dagfinn Høybråten har vore partileiar i Kristeleg Folkeparti frå 2004 til 2011. Sidan 2005 har han vore på Stortinget for KrF, Rogaland fylke og har vore parlamentarisk leiar i KrF frå 2005 til 2011. Han er busett på Nesodden utanfor Oslo.

Som statsråd arbeidde Dagfinn Høybråten for eit totalforbod mot røyking på alle serverings- og utestedar, og vart av mange kalla for ”røykelova sin far”. Den nye røykelova vart innført i 2004 etter store protestar frå mange hald. Mange av protestane dempa seg etter ei lita stund. Sjølv mottok han Røykfriprisen i 2002 for sitt arbeid. I 2006 mottok han også Landsforeninga for hjarte og lungesjuke sin ærespris for arbeidet med røykelova.

Dagfinn Høybråten har utanom arbeidet som politikar vore direktør i Kommunenes sentralforbund, rådmann og trygdedirektør i rikstrygdeverket. Han er ein svært engasjert person både i og utanfor politikken. Han har hatt ei rekkje styreverv og han har vore engasjert i Det norske Misjonsforbund der han òg er medlem, og inspirasjons- og fornyingsrørsla Oase innan Den norske Kyrkje.

Han talar ofte den svake si sak og er levande oppteken av kva kvar einskild kan gjere. For vi kan alle utgjere ein forskjell for nokon. Han har gitt ut fleire bøker, mellom anna boka ”Pengene eller livet - Livskvalitet for alle”.

Kvit Sektor vert òg med denne kvelden med song og musikk. Håpar du tek turen og har tid til ein kaffikopp på kyrkjetorget før du går heim!