Herøy Frikyrkja med stor delegasjon til synodemøte og FriBU Landsmøte

Av: Administrator
24/11-2011

Herøy Frikyrkje var godt representert på Fredtun i Stavern under årets synodemøte og FriBU Landsmøte. Tre var delegatar til synodemøte, og fem til FriBU Landsmøte.


Den nye synodestyret med synodens to tilsynsmenn, Arnfinn Løyning (t.v) og Arvid Hunemo i spissen. Erhard Hermansen (bakerst til v.) vart vald til 2. vara til synodestyret.

Til fleire av sakene var det knytt stor spenning. Synodeformann Arnfinn Løyning vart gjenvald med eit stort fleirtal, sjølv om valkomiteen på førehand ikkje hadde innstilt ham. Pastor Erhard Hermansen ble vald inn som 2. vara til synodestyret.

Ettersom Ole Johnny Møyholm som har vært ein av tilsynsmennene i presbyteriet vart vald inn i synodestyret og difor måtte gå ut av presbyteriestyret, vart vår barne- og ungdomspastor, Geir M. Lande sist måndag valt til ny tilsynsmann i presbyteriet.


Barne- og ungdomspastor Geir M. Lande var delegat til synodemøte, mens Ørjan Frøystad (t.v.), Sigval Myren, Tomine Sævik, Eirin Rabben og Elisabeth Kvalsvik var utsendingar til FriBU Landsmøte.

Ei sak var knytt til spørsmålet om kvinner kan vere tilsynsmenn i vår kyrkje. Då synoden i 2005 vedtok at kvinner kunne ordinerast til pastor og eldste i vår kyrkja, låg det føre ein avgrensing knytt til tilsynsfunksjonen. Frå og med denne synoden kan kvinner også velgast til tilsynsmenn.

Det gamle medlemsinndelinga barn, avgrensa medlemskap og fullt medlemskap er og historie. Frå årets synode heiter det medlemmar og medlemmar med stemmerett. Føresetnaden for å verte medlem med stemmerett er dei same som før.

Ved nokre høver var delegatane på synodemøte og FriBU Landsmøte samla, som då den nye organisasjonsstrukteren ”Frikyrkjetorget” vart presentert, på konsert med St. Morritz laurdagskvelden og på avslutningsgudstenesta søndag.

Ny dagleg leiar av Frikyrkjetorget Geir Sandberg heldt fredag ein svært utfordrande og engasjerande tale som både sette mot og var med å skape forventning til Frikyrkja framover. Den nye organisasjonsstrukturen som set den lokale kyrkjelyd i sentrum og sentraladministrasjonen som eit servicetorg for kyrkjelydane.