Viktig for Kyrkje-Norge

Av: Administrator
22/11-2011

At posten for kyrkjebygg er tilbake på statsbudsjettet, betyr mykje for Herøy Frikyrkje. For det takkar dei kyrkjepolitisk talsmann i Stortinget, Svein Gjelseth. (Tekst: Hege Normann - Foto: Jann Flatval, Vestlandsnytt)


Pastor Erhard Hermansen er svært glad for at tilskotsordninga for kyrkjebygg no er tilbake på statsbudsjettet. Ordninga var ein av føresetnadene for at Frikyrkja gjekk i gong med bygging av ny kyrkje. Det er stortingspolitikar Svein Gjelseth som har vore pådrivar for å få ordninga på plass igjen.

– Det var ei utruleg god melding å få, kommenterte pastor Erhard Hermansen då det vart kjent at tilskotet til kyrkjebygg var tilbake igjen på statsbudsjettet. Posten vart tatt vekk på framlegget 5. oktober, og skapte fortviling mellom kyrkjelydar fleire stader i landet. For Herøy Frikyrkje var tilskotet til kyrkjebygg ei av føresetnadane når ein sette i gong å byggje nytt kyrkjebygg.

Tilskotsordninga sikrar nye, private kyrkjebygg 829 kroner kvadratmeteren, og er ei etterskotsordning det først kan søkjast om når byggjet er ferdigstilt. Herøy Frikyrkje stod ferdig 11. september i år, og stod dermed i fare for ikkje å få tilskotet.

Trekt i trådar
– Vi opplevde det svært fortvilande då tilskotet vart tatt vekk og har prøvd å leggje press for å få posten på plass att, seier Hermansen.

Men når ein slik post blir borte, skal det godt gjerast å få han på plass igjen. Stortingspolitikar og kyrkjepolitisk talsmann Svein Gjelseth prøvde innad i departementet, men lukkast ikkje før han fekk Krf med på eit samarbeid med finansdepartementet. Resultatat vart 9 millionar til kyrkjebygg i Norge og 1 million til Oslo Domkirke.

– At KrF vart med, var utslagsgivande. Å få ein slik post innatt betyr at vi trengde eit stort nettverk og ha mange med på laget, seier Gjelseth, som vedgår at det er rart at ein slik post berre kan kuttast på dagen.

– Det er ein liten post på Statsbudsjettet, men for den det rammar betyr det veldig mykje. Tilskotet gjeld alle kyrkjesamfunn i Norge, og det er rimeleg likheit innad i systemet, seier Gjelseth. At ein liten post som vert teke vekk rammar hardt, kan Hermansen skrive under på.

– Vi har ikkje fått drøfta kva konsekvensane kunne ha blitt, vi har brukt tida til å stå på for å få det til. At Svein har fått det til er vi svært takksame for, seier Hermansen, som måtte ha kutta kostnadar for å få budsjettet til å gå ihop om tilskotet vart borte.

Gjelseth vart først kjend med saka gjennom Per Sævik på eit møte med Mørebenken på Hareid. – Gjennom Per og Erhard fekk eg skildra kva det ville seie for kyrkjelyden om tilskotet vart borte. Måten dei har mobilisert på gjorde at vi fekk vise breidda i engasjementet og kor hardt det ville gå utover kyrkjesamfunn i Norge, seier Gjelseth, som er glad for å ha lukkast med saka.

Hermansen kjem rett frå landsmøte for frikyrkene, og kan skrive under på at ordninga betyr mykje for mange. - Dette er veldig viktig for heile Kyrkje-Norge, slår han fast.