Lovsongskveld i Frikyrkja

Av: Administrator
09/11-2011

Det var ei nær sagt fullsett frikyrkje som mandag samla seg til lovsongskveld der mellom anna Ian McCormack frå New Zeland fortalde sitt mektige vitnemål.


Tre sentrale aktørar under lovsongskvelden f.v. Solveig Leithaug, pastor Erhard Hermansen og Ian McCormack (Foto: Evy Gunn Knotten)

Lovsongskvelden var eit samarbeid mellom komiteen for dei tverrkyrkjelelege lovsongskveldane som har halde på i nokre år og Herøy Frikyrkje. Eit stort lovsongskor og band sørgja på ein naturleg og god måte for å leie forsamlinga i song.

Ian McCormack som kjem frå New Zealand fortalde levande si historie om vegen frå å vere ein sjølvsentrert ateist til å få ei levande tru på Gud.

Ian vaks opp i ein heim med mor og bestemor som sørgde for å gje den kristne trua vidare, men sjølv om han pliktskyldig gjekk med då dei skulle til kyrkja, vart det aldri noko personleg for han. Ian McCormack fortalde korleis hans liv den gong dreidde seg om surfing og dykking og det han meinte var ”det gode liv”, men livet fekk brått ei ny vending.


Ian McCormack frå New Zealand fortalde sitt mektige vitnemål. (Foto: Trond Espeseth)

I 1982 dykka han på øya Mauritius og ei natt vart han beten av ein kubemanet. At maneten var livsfarleg visste Ian ikkje noko om, men han kjende raskt korleis kroppen hadde vorte infisert av den farlege gifta. Han svevde mellom liv og død, og opplevde alt frå avvisande taxisjåførar til hotelleigarar før endeleg ein ven fekk han på sjukehus. Der døde Ian, men fekk livet att etter 15 – 20 minuttar. Legane hadde slutta å gje førstehjelp og han var allereie trilla inn på likhuset, men Ian fekk livet tilbake.

I løpet av dei dramatiske minutta han var død, og før han nådde sjukehuset opplevde han ei rekkje ting, både reint fysisk, men ikkje minst åndeleg. Han såg kor inderleg han trengde Gud, og kor viktig det var å leve under Guds tilgjeving og i tilgjeving til andre menneske, og han opplevde eit sterkt kall frå Gud til å fortelje si historie, noko han også har gjort sidan.

Ian McCormack og hans kone Jane jobbar for tida med ei kyrkjelydsplanting i London, og elles reiser han verda rundt for å fortelje sitt vitnesbyrd.

På lovsongskvelden fekk og Sunnmøre eit etterlengta gjensyn med songaren Solveig Leithaug. Solveig kjem opphaveleg frå Bergen, men er busett i Tennessee. Sidan ho var i tenåra har Solveig formidla den kristne bodskapen på ein klar og levande måte, og på lovsongskvelden fekk ho både i ord og tonar dele sine enkle vitnesbyrd om livet og trua.

Kvelden baud på eit variert songspekter, frå fengjande gospel som ”Put your hand in the hand” til rolege og inderlege songar som ”Langt borti skogen” og ”Hellig”.


Eit tverrkyrkjeleg lovsongsteam og band sørgja for god musikalsk leiing. (Foto: Trond Espeseth)



Ian McCormack
Høyr hans historie på;
aglimpseofeternity.org