«HalloVenn» i Frikyrkja på mandag

Av: Administrator
28/10-2011

Mandag inviterer engasjerte foreldre inn 1. -7. klassingar til «HalloVenn» i Herøy  Frikyrkje, som eit trygt og godt alternativ til den tradisjonelle Halloween-feiringa. (Tekst/Foto: Stein Lilleøy, Vestlandsnytt)


– «HalloVenn»-konseptet vart opphavleg født på Hamar, men har sidan spreidd seg rundt om kring i landet. Kort fortalt er det ei samling med fokus på venskap, som eit godt alternativ til Halloween-feiringa. Men godteri blir det nok av likevel, lovar barne- og ungdomspastor Geir M. Lande, som i denne samanhengen stiller mest som far.

– Vi prøvde å få til «HalloVenn» i fjor. Då var vi litt for seint ute. No er vi i rute, og vi er sjølvsagt veldig spente på å sjå kor mange vi greier å samle i frikyrkja på ein mandag ettermiddag. Vi har godt med plass, og har fått samla ein god gjeng ungdomar og foreldre som er klare til å leike. Vi legg opp til ei rekkje aktivitetar og konkurransar med godteri som premiar. Og alle får, lovar Lande. 

Ballongar og ein velbrukt kjeledress er stikkord for litt av det som skjer på «HalloVenn»-samlinga i frikyrkja. Klovnen Fix er med også, kan Lande røpe. Utover det er nok beste rådet til dei som er nyfikne å ta turen til frikyrkja sjølve mandag ettermiddag.