Uventa tilskotskutt for kyrkjebygg

Av: Administrator
28/10-2011

Statsbudsjettet legg opp til kutt i ein liten post, som likevel har stor betydning for mange. Om forslaget blir vedteke vil Herøy Frikyrkje misse eit byggjestilkot på 629.000 kroner til det nye frikyrkjebygget i Fosnavåg. (Tekst og foto: Stein Lilleøy, Vestlandsnytt)


– I den store samanhengen er det ein svært liten budsjettpost vi snakkar om. Det er nok også forklaringa på at denne ordinga har vore relativt ukjend i det politiske miljøet, seier pastor Erhard Hermansen til Vestlandsnytt.

Stor betydning

Tilskotsordninga som gir nye private kyrkjebygg eit tilskot på 829 kroner kvadratmeteren, har eksistert gjennom ei årrekkje. I fjor vart det utbetalt totalt 8,2 millionar kroner i slike tilskot. Ikkje rare summen på nasjonalbudsjettet, men av stor betydning for mottakarane, slår Hermansen fast.

Ekstra byrde

– Ordninga har vore stabil, som noko vi har kunne rekna med. Men no vert det lagt opp til å kutte ordninga allereie frå nyttår, og det betyr i så fall at vi misser denne mulegheita til å skaffe oss eit viktig bidrag til eigenkapitalen. Og det er igjen ein ekstra byrde som vil falle på medlemmene våre, seier pastoren.

Politisk mobilisering

Herøy Frikyrkje er ikkje åleine. På Sunnmøre vert både den nybygde Sula Frikyrkje og det planlagde kyrkjebygget i Volda råka av kutten. Og kuttforslaget har resultert i mobilisering fleire stadar i landet.
– Vi har ikkje gjeve opp håpet om å berge ordninga, og har for lengst starta ein dialog opp mot fleire stortingspolitikarar og regjeringa. For oss er det viktig å få formidla kor stor betydning denne tilskotsordninga har. Både økonomisk, men også i høve forutsigbarheita som bør ligge i slike statlege ordningar, seier Erhard Hermansen.