«Me møtest i den frie luft»

Av: Administrator
12/07-2011

Endå ein gong lyder Bjarne Rabben sin vakre og velformulerte salme over Herøy gamle kyrkjestad. (Tekst/Bilde: Fred Frantzen, Vestlandsnytt)


Det er igjen tid for økumenisk gudsteneste på den historiske staden. Den tradisjonelle høgmessa, i dei vakre naturomgivnadane, er ein del av Herøyspelet. I fleire år høyrde også eit vikingsymposium med til spelet. No er det vikingmusikalen«Kongens Ring» og gudstenesta i den frie luft som utgjer 20-års-jubilanten Herøyspelet. Det er eit syn for augo å sjå representantane frå dei ulike kyrkjesamfunna gå i prosesjon gjennom det idylliske skaparverket, frå kaia og opp til stein-alteret. Med i fylgjet var prostiprest Bjørn G. Leinebø, den norske kyrkja, Erhard Hermansen, Frikyrkja og Anton Heggvik SION. Dei tre går godt saman. Hermansen sa at det felleskyrkjelege arbeidet i Herøy fungerer godt.

Folk vakna denne julisøndagen til eit landskap omgitt av eit grått slør. Skodda hadde festa grepet over øyriket i havlandet. Himmelen over var grå. Det var opplett, men eit lite kjølig drag i lufta. Kanskje var det frykten for kaldt skoddevêr som heldt folk borte. I alle fall var der langt færre på friluftsgudstenesta i år enn det har vore dei siste åra. Sjølv om draumen var sol og blå juli-himmel, vart det ei fin stund for kyrkjelyden som hadde samla seg på den gamle kyrkjestaden. Ein finn knapt betre uteplass til ei høgmesse. Idyllen er fullkomen. Tale, song og liturgi opplevast sterkare når ein er omkransa av nasjonalromantikk. Etter nådehelsing og velkomst, imponerte Erhard Hermansen med mektig røyst i ein solosong. Ottar Grasvik var som ved mange tidlegare høve på plass for å akkompagnere med trekkspelet sitt. Ingrid Warholm og Linda Teige Ulstien stod for skriftlesinga, og Åse Nerem Bø las preiketekssten. Bjørn G. Leinebø og Erhard Hermansen forretta.


SION-pastor Anton Heggvik heldt ei engasjert og tankevekkande preike. Å vise styrke og ha perspektiv på livet sitt var tema.
– Kva set vi først, kva prioriterer vi? – Vi skal setje Gud først i livet. Gud elskar å feire. Når han inviterer til fest, er det først og fremst menneske som er prega av livet, men også alle typar menneske, både med ytre og indre sår. Vi menneska treng kjærleiken og nåden hans.


Tradisjonen tru vart den økumeniske gudstenesta avslutta med at Herøyspelkoret framførde
mektige Herøy havland, med tekst av Rolf Losnegård og musikk av Svein Arne Møller. Det lydde storslått i det opne landskapet, og var ei fin avslutning på ei verdig kyrkjestund. Gode ord å ta med seg ut i sommardagen, og på livsvegen.