Stemningsfull og frisk gudsteneste!

Av: Administrator
23/06-2011

Storfamiliegudstenesta på Almenningskaia i samband med Maritim sommarfestival vart på nytt ein stor suksess. (Av Fred Frantzen, Vestlandsnytt)


Det er tredje året på rad at Frikyrkja, Den norske Kyrkja og Sion går saman om denne populære utegudstenesta, og folk strøymde til eit festpynta sommar-Fosnavåg. Då klokka nærma seg 11.00 var 500-600 kyrkjegjengarar frå alle kyrkjesamfunn samla på kaia. Og med hamna full av båtar som vakker ramme, vart gudstenesta ein fulltreffar, med god åndeleg føde og ikkje minst mykje fin og frisk song og musikk. Og sjølv om været var litt utrygt frå morgonen av, trengde etter kvart sola gjennom skylaget og velsigna arrangementet også på den måten. Det kjendes som om at høgare makter ville vere med å kaste glans over gudstenesta i det idylliske havgapet.


* Fleire hundre hadde møtt fram til storfamiliegudsteneste i solskinet på Almenningskaia søndag med hamna full av båtar.

Dei kreative arrangørane av Maritim Sommarfestival har som hovudmål å involvere alle interessegrupper i lokalsamfunnet, frå dei yngste til dei eldste, frå det verdslege til det religiøse – for at alle på den måten skal få eit «eigarskap» til den populære festivalen. Og dette har dei tydeleg lukkast med, og festivalgeneral Kalle Sortehaug seier at dette konseptet vil ein bygge vidare på.

Gudstenesta starta med ein feiande frisk versjon av «O happy day» med eit velsmurt husorkester med utspring i Sion, og ei forsongargruppe med skikkeleg trøkk i. Dermed var standarden sett, og etterpå fekk vi eit flott innslag av dei langsvegfarande gjestane Oslo Soul Children og dei lokale barnegospelsongarane som tok del under seminaret. Oslo Soul Children har ei fin evne til å kommunisere og inkludere dei andre borna i songen, og for dei mange lokale Herøy-borna var dette ei oppleving dei vil leve lenge på. Også dei lokale solistane greidde seg svært bra, og det var både rørande og vakkert å høyre på den friske og glade barnesongen runge ut over Fosnavåg hamneområde. Oslo Soul Children hadde også ei eiga avdeling seinare i gudstenesta der dei fekk bevist sine kvalitetar, og sjarmerte publikum i senk. Ein skal leite lenge etter å finne tilsvarande songglede og innleving som desse sjarmerande borna stod for. Også dramagruppa ved Sion Gurskøy hadde eit tankevekkjande og fint innslag, som var med å gi gudstenesta mangfald.


* Det var skikkeleg «trøkk» både i husbandet og forsongargruppa som var med å skape god stemning under gudstenesta.


* Det var stort for alle Herøy-borna som deltok på barnegospeltreffet, å få synge saman med sjølvaste Oslo Soul Children på gudstenesta. Her ser vi to unge solistar frå Kvalsund, som kom svært godt frå oppgåvene sine.


* Det landskjende barnekoret, Oslo Soul Children, var eit friskt og populært innslag både under barnegospelseminaret og konserten på Herøy kulturhus. Søndag deltok dei også under gudstenesta på Almenningskaia, leia av sin inspirerande dirigent Ragnhild Hiis Aanestad (t.h.)

Pastor Anton Heggvik ved Sion Gurskøy, pastor Erhard Hermansen frå Herøy frikyrkje og kateket Beate Nes frå Den norske kyrkja, delte på liturgioppgåvene og utfylde kvarandre på ein flott måte. I år handla gudstenesta om ærlegdom og om å leve ekte. Pastor Anton Heggvik, for høve kledd som tryllekunstnar, klarte ikkje å trylle fram kaninen, men både kateket Beate Nes og pastor Erhard Hermansen vart trylla fram. Vi fekk høyre om skilsmisseborn og om det å kjenne seg trøytt og sliten. Ved hjelp av sin gode medhjelpar Naomi-Estelle Torvik fekk Anton godt fram at både Bibelen og fellesskapet er viktige reiskap. Beate fekk hjelp og trøyst frå bibelverset: «Kom til meg alle som strever og har tunge byrder, og eg vil gi dykk kvile», medan Erhard fekk ei gåve som han ikkje fekk lov til å opne før han var åleine. Aktuelle problemstillingar i kvardagen der trylleformularane sine svar vurderte imot Bibelens trøyst og oppmuntring var i fokus. Ein illustrerande og fin innfallsvinkel for eit breitt spekter av forsamlinga.


* Pastor Anton Heggvik, for høve kledd som tryllekunstnar, fekk på ein fin måte fram at trylleformularane sine svar ikkje når opp mot Bibelens trøyst og oppmuntring. Ein illustrerande og fin innfallsvinkel der bodskapen kom klart fram.

Og etter ei triveleg stund kunne dei tre liturgane lyse Guds velsigning over kyrkjelyden.

– Det var ei flott oppleving. Vi er svært glade for at storfamiliegudstenesta er blitt ein del av festivalen, og det er fantastisk å sjå allmenningskaia full av menneske søndag føremiddag. Personleg synes eg det var svært godt og flott å stå saman med Anton og Beate å få lyse velsigninga til slutt. Det er godt å kjenne at vi står saman, seier pastor Erhard Hermansen, som leia gudstenesta.


* Pastor Erhard Hermansen leia storfamiliegudstenesta på ein lett og lødig måte, og fekk god hjelp av yngstemann.

Han ber oss rette ei takk til alle som på ulike måtar har hjelpt til med ulike oppgåver gjennom helga, både praktisk og innhaldsmessig. Det var med på gjere helga til den suksessen den vart.

Slike gudstenester ute i Guds frie natur er ofte med på å skape meir variasjon og samhald, og svært mange nytta seg av tilbodet om å stoppe igjen i solveggen utanfor teltet, der det vart servert nytrekt kaffi og gode kaker. Og praten gjekk livleg. Slike samlingar er med å knyte banda mellom kyrkjesamfunna nærare saman.