Eggjande gospeltonar

Av: Trond Espeseth
30/05-2011

Dei er unge, dei er energiske, dei er fulle av glede. Gleda ligg i musikken, og den sprer seg utover i salen. Den treff deg med ein varme som sprer seg i heile kroppen, og kjem uunngåeleg til syne i rockefoten. Førre fredag, den 20. mai, var det duka for Gospelkonsert på Fosnavåg bedehus.


Det samla seg ei god mengde folk i hovudsalen på Bedehuset, og medan koret stilde seg opp nytta dirigent Synnøve Voldsund høvet til å ynskje alle velkomne. Eit nøysamt, men gjævt, husband bestod av kapellmeister Vegard Voldsund på piano, og Ragnar Ørstavik på bass, og farga seg fint til dei fengjande tonane frå koret. Denne kvelden fekk publikum oppleve mange dyktige solistar, som leverte praktfullt, og lyfta konserten til blåe høgder. Etter den siste songen, og eit fabelaktig ekstranummer, var det ope for mat i kjellaren der praten gjekk i jamn takt utover kvelden.


Herøy Gospelkor har no teke sommarferie, men om du har lyst å være med i koret frå hausten er det berre å kontakte dirrigenten, eller fylgje med på frikyrkja.net og facebook-sida for når den fyrste øvinga finn stad.