Lovsongskveld

Av: Administrator
30/05-2011

For tredje år på rad blir det lovsongskveld for kommunane på Ytre Søre Sunnmøre. Komiteen som har stått for desse kveldane i distriktet dei siste 3-4 åra, inviterer på ny til ein lovsongsfylt Kristi Himmelfartsdag på Sjøborg i Ulsteinvik.


- Komiteen, som består av folk frå både statskyrkja og dei frie kyrkjelydane, ynskjer å opne dørene på vidt gap for alle – unge, gamle, norske og utanlandske, seier ein av initiativtakarane, Iver-Olaf Grimstad frå Hareid.

Glade for Leithaug
- Vi er svært glade for at Solveig Leithaug skal vere ein av gjestane denne kvelden. Heilt sidan tenåra har ho vore ein kjent artist i Kristen-Norge, og seinare i utlandet. Hennar ærlege tekster blanda med gode melodiar, ei mjuk stemme, og eksepsjonelt gitarspel har gjort henne til ein ettertrakta artist både her i landet og internasjonalt. Ho har spelt på konsert-arenaer som Oslo Spektrum, men glir like lett inn i små møter og samlingar, med eit hjerte for å nå ut til alle med himmelske tonar. Ho har dessutan budd og spelt i USA i fleire år, og er gift med direktøren for eit kjent kristent plateselskap i Nashville, Jim Chaffee. Ho har tre born; David, Kari og John, og reiser denne gongen saman med familien, fortel Grimstad.


Herøy Frikyrkje
Erhard hermansen, pastor i Herøy Frikyrkje, skal også vere med den 2. Juni. Han skal ha ordet for kvelden. Musikaren Geir Knotten med team vil også vere med, som ved tidlegare lovsongskveldar.

- Desse kveldane har vore berikande for truande frå alle leirar. Men tenk ikkje at dette berre er for dei "heilage". Vi er alle kalla til å tilbe Men om du ikkje føler du forstår deg på tilbeding eller det religiøse – så kom likevel: Nyt musikken og atmosfæren, så kanskje du vil gå opplyfta heim, appellerer Iver-Olaf Grimstad, som legg til:

- Det er gratis inngang, men kollekt. Hjerteleg velkomne alle og einkvar!