Mannsmusikken frå Greåker Frikyrkje gjester Herøy!

Av: Administrator
30/05-2011

Frå torsdag til søndag kjem Mannsmusikken frå Greåker Frikyrkje til Sunnmøre. Dei skal bu på Runde og delta på gudstenester og møter i Ålesund Frikyrkje, Volda Frikyrkje og sjølvsagt i Herøy Frikyrkje.


Mannsmusikken frå Greåker Frikyrkje deltek på gudstenester og møter i Herøy Frikyrkje komande helg.

Mannsmusikken frå Greåker Frikyrkje er kjende for fleire plateutgjevingar, den siste CD’n fekk namnet ”Et folk er på reise”. Koret har i 52 år reist land og strand rundt og då den tredje bussen no vart utslite, gjekk koret til anskaffing av ny buss framfor turen til Sunnmøre. Sjølv om dei er heimehøyrande i Greåker Frikyrkje deltek dei aktivt i alle kyrkjelege samanhenger og har ved fleire høve vært gjestar i TV kanalen Visjon Noreg.

På sin heimeside skriv koret ”Mannsmusikken er ein gjeng mannfolk som har tatt imot Jesus som sin frelsar. Vi er "godt vaksne" menn med ulik yrkesbakgrunn, og vårt ønske er å få dele evangeliet om Jesus gjennom song, musikk og vitnesbyrd”.

Terje Grandahl er musikalsk leiar i Mannsmusikken og har vore ein del av koret sidan starten. Han seier; – Når vi kjem saman, er vi ”guttær”. Hovudsaken er evangeliet om Jesus. I tillegg kjem fellesskapet. Vi hjelper kvarandre, vi er ”guttær” som prøver å ta oss av kvarandre. Det blir ei eigen ande når berre menn kjem saman. Det vert ei annen openheit og tryggleik.


Musikalsk leiar i koret, Terje Grandahl vil tale på gudstenestene.

Pastor Erhard Hermansen fortel av mannmusikken skal delta på gudsteneste på Runde på Kristi himmelfartsdag, før dei legg vegen om Herøy omsorgssenter for ei songstund. Fredag kveld vert til songmøte på Fosnavåg bedehus og søndag syng dei på gudstenesta same stad. Terje Grandahl vil tale på gudstenestene på Runde bedehus og Fosnavåg bedehus.

Vi vonar mange kjem for å høyre den aktive og glade gjengen med songarar, seier Hermansen.