Kirkens Nødhjelps fasteaksjon 2011
Det handlar om rettferd

Av: Administrator
11/03-2011

Meir enn éin milliard menneske lever i ekstrem fattigdom. Det vil folk frå Herøy gjere noko med.

10. – 12. april går Kirkens Nødhjelps fasteaksjon 2011 av stabelen. Då besøkjer konfirmantar, unge og vaksne frå Frikyrkja og Den norske Kyrkje alle husstander i Herøy for å samle inn pengar til Kirkens Nødhjelps arbeid.


– Over éin milliard menneske lever i fattigdom. Urettferd tek menneskeliv kvar dag. Det er ikkje tilstrekkeleg at folk så vidt har nok til å eksistere. Alle menneske har rett til å ha eit levebrød, slik at dei kan klare seg ved hjelp av eigen arbeidsinnsats, seier pastor Geir M. Lande.

Pengane som vert samla inn, går til Kirkens Nødhjelps arbeid over heile verda. Pengane blir brukt der dei trengst aller mest.

– Med Kirkens Nødhjelps fasteaksjon 2011 gjer vi eit felles løft saman med folk i Noreg for at fattige menneske skal få moglegheit til å skape seg eit liv utan fattigdom. Ta godt imot bøsseberarane, oppfordrar Geir M. Lande.

Engasjement som inspirerer
– Folk her i Herøy har vist eit imponerande engasjement i samband med aksjonen. Både vaksne og unge har hjelpt til, seier Geir M. lande, som håpar på eit godt innsamlingsresultat.

– I fjor fikk vi inn 86544 kroner i Ytre Herøy. Det var vi veldig nøgde med, samtidig hadde det vore moro om vi klarte å samle inn endå meir i år, seier pastor Lande.

Skaper sitt eige levebrød
I Tanzania hjelper Kirkens Nødhjelp folk i gang med å skape seg eit levebrød gjennom spare- og lånegrupper i lokalsamfunnet.

– Medlemmene i gruppa sparar pengar i ein pott, og dei får høve til å ta opp små lån frå denne potten, slik at dei kan starte si eiga gründerverksemd og forsørgje familien sin, forklarer Geir M. Lande.

Godfrey Walalaze, Kirkens Nødhjelps programrådgjevar i Tanzania, fortel:

– Sidan 2006 har vi oppretta 1000 slike spare- og lånegrupper i Tanzania. Heile tida møter eg menneske som imponerer meg med det dei har klart å få til gjennom gruppene. Dei fortel den eine suksesshistoria etter den andre: om at dei kan ete seg mette, halde barna i skulen, at dei har skapt seg eit levebrød.

Kirkens Nødhjelp støttar gruppene med opplæring, bankboksar og anna materiell.

Vil fjerne årsakene til fattigdom
Fattigdom har svært mange årsaker, éi av dei er at store, internasjonale selskap snyter på skatten i fattige land.

– Fattige menneske mistar helsetilbod og skulegang på grunn av dette. Inntekter som kunne kome innbyggjarane i landet til gode, vert gøymde unna i skatteparadis. Gjennom Kirkens Nødhjelps fasteaksjon ber vi finansministeren sørgje for at ingen norske selskap snyter på skatten i fattige land, forklarar pastor Lande og oppfordrar alle til å støtte opp om aksjonen.


Fakta om Kirkens Nødhjelps fasteaksjon 10. – 12. april

- Set i år fokus på økonomisk rettferd: Saman kan vi kjempe for ei framtid utan fattigdom.

- Det er kyrkjelydane landet rundt som står for gjennomføringa. Kontakt oss dersom du vil vere med å gå med bøsse.

- Du kan støtte aksjonen direkte ved å:

o Bruke kontonummer 1594.22.87493.

o Ringje gjevartelefon 820 44 088 (200 kroner)

o Sende ein sms til 2090 (100 kroner)


For meir informasjon, kontakt:

Pastor Geir M. Lande
Epost: geir@frikyrkja.net
Telefon: 70087800 Mobil: 90781848