Halloween eller Lovsongskveld?

Av: Administrator
23/10-2010

Den 31. oktober nærmar seg, og er ein spesiell dag på ulike vis. Somme fokuserer på at det er siste dagen med sommartid, andre praktiserer Halloween i kveldsmørket, og atter andre... skal på tverrkyrkjeleg lovsongskveld! (Tekst: Trond Espeseth, Tverrkyrkjeleg lovsongskveld)


Dyktige musikarar frå ulike kyrkjesamfunn er med i Husorkesteret. (Foto: Trond Espeseth).

Vi i arrangements-komiteen som driv lovsong.com kallar kvelden berre LK7. Det er den sjuande tverrkyrkjelege lovsongskvelden i rekkja, og den fjerde på Sjøborg Kulturhus i Ulsteinvik. Geir Idar Knotten leiar musikkteamet, med fullt band og prosjektkor samansett av songarar frå ulike lokale kyrkjer. To gjesteartistar frå Oslo blir med og opptrer denne kvelden; Arild Stav på sax/fløyte som har spelt med Oslo Gospel Choir, og gitaristen Svein Skulstad. I tillegg vil Vivian Zahl Olsen og Per Haugan ha ordet for kvelden. Ho er kjent som kunstnar, illustratør og forfattar, og ekteparet er kjent frå TV.


Vivian Zahl Olsen og Per Haugan, kjende frå tv og forfattarskap, tek del denne kvelden.


Tverrkyrkjeleg Lovsongskor med koristar frå heile ytre Søre (Foto: Trond Espeseth).


Tverrkyrkjeleg Lovsongskor med koristar frå heile ytre Søre (Foto: Trond Espeseth).

Istadenfor å gå frå dør til dør eller opne døra for knask eller knep, så tykkjer vi det er eit langt bedre alternativ å ta turen til storsalen på Ulstein Hotell. Der kan du delta i song, lytte til gode ord og sonkrefter, ta deg tid til refleksjon, ettertanke, takksemd, og få ei oppleving av noko som verkeleg kan skubbe vekk mørket som kanskje tyngjer ned sjela. Istadenfor grusomme masker kan du lyfte blikket og få oppleve Lyset med stor L.

Valget er vel ikkje vanskelig? Om du ikkje har hatt ei unnskyldning for å sleppe Halloween, så har du ei no. Lovsongskvelden byrjar så pass tidlig at du kan ta med deg både vennar, ektemake og born. Du slepp å vere heime og få uønska ”spøkelsesbesøk” på døra, og du kan heller få banke på himmelens dør, der Han bur som lovde: ”Bank på, så skal det latast opp for dykk!” (Matt. 7:7).


Arild Stav


Svein Skulstad

Velkomen til Tverrkyrkjeleg Lovsongskveld!

Komiteen