Herøy Gospelkor arrangerte tombola og deltok på FRI

Av: Administrator
23/10-2010

Laurdag 16. oktober troppa styret for Herøy Gospelkor opp på bedehuset kl. 08.00 og starta med å legge til rette for dagen. Klokka 09.00 kom resten av kormedlemmane og alle vart sette i sving med å ordne med alt det praktiske. Alle var positive og hjelpsame. For ein herleg gjeng! (Tekst: Vegard Voldsund)


Klokka 11.00 kom dei fyrste "kundane" og etter ein halvtime var det mykje folk som kjøpte lodd og kosa seg med mat og ein god prat. Tusen takk til alle som kom. Det er veldig kjekt å arrangere slike ting når folk stiller opp på alle måtar.

klokka 15.00 var tombolaen ferdig, og vi kunne konstatere at vi hadde hatt eit vellukka arrangement.

Denne laurdagskvelden var det ei blanding av Fri og gospelnight, og vi hadde besøk av Herøy Gospelkor Og I`sing frå indre Herøy. Dei hadde kvar sine avdelingar i starten på kvelden, og etter det gikk vi over til ei lengre lovsongsavdeling. Det var godt å vere der, og godt å sjå å kjenne at Jesus fikk virke blant oss denne kvelden.