Evangeline Weiner frå USA kjem til Søre Sunnmøre Aglow

Av: Administrator
17/08-2010

Solveig Leithaug vitja nyleg Søre Sunnmøre Aglow. Det var eit privilegium! Ikkje mindre stolte er vi over å kunngjere at den neste gjesten vår, er Evangeline Weiner frå Washington USA. Ho er ei ung kvinne, med ein heilt spesiell oppvekst. (Av: Rikke Kopperstad og Kristine Røren, Søre Sunnmøre Aglow)


Evangeline og syskena hennar fekk undervisning av foreldra i «homeschooling» for å kunne reise rundt i verda ilag med dei gjennom fleire år. Som familie var dei med på å undervise og forkynne for unge menneske i meir enn 25 nasjonar. Berre i Russland har 35.000 unge fått disippeltrening. Alt som 11-åring underviste Evangeline på sitt eige seminar. Sidan har ho skrive fleire bøker og ho er ein engasjert, inspirerande og ettertrakta forkynnar. Evangline har ei mastergrad frå «University of Washington», i internasjonale studier. På hjartet hennar ligg spesielt det å inspirere unge og vaksne til å nå sitt fulle potensiale for å kunne påverke familie, samfunn og nasjonar. «Når kvinner, menn og ungdom oppdagar meininga med livet, og Guds tankar og planar for dei, vil dei kunne påverke på ein god måte, og utgjere ein viktig forskjel i verda» seier Evangeline. «Men vi treng å vite meir om korleis!»

KORLEIS NÅ DEI UNGE?
Laurdag 18.september , på Møre Barne-og Ungdomsskule, inviterer Aglow ikkje berre kvinner denne gongen. - Både ungdom, foreldre, og tilsette i kyrkje og organisasjon, er spesielt velkomne til ein innhaldsrik dag med Evangeline Weiner som hovudtalar.

På det fyrste møtet laurdag ettermiddag, vil Evangeline snakke om korleis vi som privatpersonar og ungdomsleiarar kan nå dei unge med Guds-tru. Dette veit ho mykje om! Og vi har alt no merka at interessa er stor både for temaet og talaren.

Etter middagsservering blir det eit spennande og variert tilbod om seminarar.

1.JENTE-SEMINAR
Unge jenter mellom 15 og 25 år er heldige å få Evangeline heil for seg sjølv i løpet av seminaret vi har kalla GIRL-TALK. Dette blir som ein mini «jentedag» med inspirasjon og flotte gåver og overraskingar!

2.BEVIS FOR GUDS EKSISTENS?
-Det heiter det interessante seminaret som blir leia av Kåre-Johan Lynge, frå Ulsteinvik. Gjennom bilete og lyd vil han gi deltakarane aha-opplevingar om korleis Guds eksistens kan bli bekrefta i naturen og smelte saman med vitenskap.

3.DEN HEILAGE ANDE,- BERRE FOR SPESIELT INTERESSERTE?
Her vil den nasjonale leiaren i Aglow Norge, Åse Spikkeland, undervise ilag med Grete-Johanne Berstad frå Ulsteinvik. Du vil få innblikk i korleis nådegåvene og bønespråket i tunger kan bli ein del av ditt eige trusliv.

4.KORLEIS LASTE NED INSPIRERANDE TALER OG MUSIKK FRÅ NETTET?
Dette blir eit viktig og praktisk seminar, leia av Jakobe Haugrønning Juul, frå Trondheim. Ho er blandt dei som har oppdaga rikdomen i å lytte til oppbyggjeleg musikk og tale i kvardagen; på kveldsturen, i bilen eller ved oppvaskbenken......Deltakarane tek med bærbar PC, og MP3/I-Pod.

KVELDSMØTET
Den fyrste delen av Aglow-dagen, med møte, middag og seminar, krev påmelding og ei lita deltakaravgift. Kveldsmøtet er ope for alle og er gratis!

I forkant av møtet, blir det kaffe, kaker og boksal. Særleg til kveldsmøtet oppmodar vi alle spesielt til å ta med ein møteframand eller to. Det er ikkje alle plassar det er like lett å gjere nettopp det. Stadig fleire oppdagar at terskelen på Aglow-arrangementa er lav, trivselen er høg, og dei som kjem er ikkje i tvil om at det handlar om å bli inspirert til tru og eit endå rikare liv med Jesus! Evangeline vil på kveldsmøtet tale om temaet «Kva lengtar du etter?» Både ungdom, vaksne, kor og grupper vil ta del i løpet av Aglow-dagen i september. Vi kan nevne Iver-Olaf Grimstad, lovsongsteamet frå Filadelfia, Miriam N.Knotten Tømter, koret Kvit Sektor, dansegruppe og andre ungdommar frå ulike samanhengar.

For meir informasjon og påmelding: "Eit tastetrykk unna - korleis nå dagens ungdom"